Regjeringa gir meir pengar til opplæring på jobben
Aukar potten med 17 millionar kroner.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Regjeringa gir meir til opplæring på jobben
Regjeringa foreslår i revidert nasjonalbudsjett å legge 17 millionar kroner meir i potten til opplæring på arbeidsplassar. Totalt vil regjeringa løyve 197 millionar til ordninga Kompetansepluss arbeid i år.
– Dette er ei heilt utruleg bra ordning som drar dei store og overordna diskusjonane om omstilling og kompetanseheving ned på jorda. Den er ubyråkratisk og enkel, og kvart år er det stor oversøking til ordninga, derfor ønskjer vi å styrke ho, seier kunnskapsmininister Torbjørn Røe Isaksen (H) til NTB.
Gjennom ordninga kan bedrifter søke om å gi tilsette opplæring i grunnleggjande ferdigheiter i lesing, skriving, rekning, IKT eller til norsk- eller samiskopplæring. Ekstraløyvinga i revidert budsjett er særleg meint å gå til å styrke digitale ferdigheiter hos vaksne.
Bedrifter i fleire bransjar brukar ordninga, som inneber støtte til kurs og skulegang i arbeidstida.
– Den blir brukt til alt frå å kurse tilsette i nye operativsystem til norskopplæring på arbeidsplassar som har mange tilsette som treng å lære seg norsk, fortel Isaksen.
Over 53.000 arbeidstakarar har sidan starten i 2006 fått opplæring på jobben på denne måten. Det er dokumentert at opplæringa fører til færre feil, betre rapportering og motiverte tilsette. I tillegg blir fleire tilsette rusta til å ta fagbrev, ifølgje Kompetanse Norge, som har ansvar for ordninga.