Heidra med Bøker i Bø-prisen 2017.

NPK
NPK

Prisheideren tar ikkje slutt for forfattar Vigdis Hjorth. I fjor fekk ho Bokhandlerprisen og i år Litteraturkritikerprisen og nominasjon til Nordisk råds litteraturpris. I helga fekk ho altså endå ein pris: Bøker i Bø-prisen 2017.

Prisen fekk ho under litteraturfestivalen Bøker i Bø, som gjekk av stabelen 4.–7. mai i Bø i Telemark. Hjorth var søndag òg gjest i eit eige «bokbad» under festivalen.

– Bøker i Bø-prisen 2017 blir tildelt ein prislønt og hyperaktuell forfattar som gjennom sin mangfaldige forfattarskap har utforska eksistensielle spørsmål som angår oss alle, skriv prisjuryen om vinnaren.

LES OGSÅ: Maria Parr med ny bok til hausten

Hjort har det siste året fått mykje merksemd for den siste romanen sin, Arv og miljø, som ho mellom anna er nominert til Nordisk råds litteraturpris for. I vår skal ho òg vere festspeldiktar under Festspillene i Bergen.

Vigdis Hjorth er den sjette i rekka som får prisen, som er på 10.000 kroner og ein dekorert krakk laga av kunsthandverkaren Mari Fallet Mosand.

Kompaktfestivalen Bøker i Bø blir arrangert som eit samarbeid mellom forfattarstudiet ved Høgskulen i Søraust-Noreg og Bø kommune og med støtte frå Kulturrådet, Fritt Ord, Telemark fylkeskommunen, Høgskulen i Søraust-Noreg og Bø kommune.

LES OGSÅ: Anders N. Kvammen vann Brageprisen for Ungdomsskolen

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

Kommentarar

ANNONSE