Det er presidentval i Frankrike, og i dag skal det heile avgjerast.

mm

Våren 2014 var eg på utveksling i Aix-en-Provence i Sør-Frankrike, og det er noko av det kjekkaste eg har vore med på. Men eg er uroleg, for eg har mange venner der som ikkje passar inn i Marine Le Pen sitt bilete av nasjonalstaten Frankrike.

Eg ynskjer, av heile mitt hjarte, eit Frankrike der alle franskar – uavhengig av bakgrunn – kan kjenne seg trygge, velkomne og franske. Det trur eg det er mange som ikkje gjer nett no, uavhengig av kva valresultatet blir.

Nattevakta og eg
Den første personen eg møtte på utveksling, var ein kjempekul gut som var nattevakt på hostellet eg skulle sove på den første natta. Han syntest det var kjedeleg å vere nattevakt fordi det skjedde så lite, så vi blei sittande og prate til langt på natt.

Det var som om vi hadde kjent kvarandre lenge. Praten gjekk i eit sett og vi lo godt. Etter ei lita stund fortalte han meg om kjærasten hans, som var ein gut. Kult!, tenkte eg. Men eg hugsar godt at han var nokså nølande og nervøs og mumla «ok I’ll tell you» først; at eg smilte og nikka ivrig for at han skulle fortsette.

For alt eg veit kan det hende at han, som var eit par år eldre enn meg, har gifta seg eller har lyst til å gifte seg snart. Likekjønna ekteskap har vore lovleg i Frankrike sidan 18. mai 2013. Men Marine Le Pen ynskjer å ta denne rettigheita frå han.

Med oss eller mot oss
Eg vart så skremd då eg såg Marine Le Pen sin offisielle kandidatvideo. Den varte berre eit par minutt; men den var laga med verkemiddel som minna meg om ein «krigserklæringsvideo». Den oste av patriotisme, kjensler og ein soleklar beskjed om at enten så er du med oss – eller mot oss.

Marine Le Pen seier at ho elskar Frankrike, at ho elskar franskar.

Men kva med franskar som trur på Allah?
Kva med franskar som er muslimar, eller har muslimsk bakgrunn?
Kva med franskar som er lysebrune, brune eller svarte i huda?
Kva med franskar som er kvinner?
Kva med franskar som er skeive?

Sosial rettferd
Eg trur ikkje Marine Le Pen kjem til å vinne. Eg har følgt med på målingane; eg veit at det er veldig lite sannsynleg. Men det betyr ikkje at eg synst det er greitt at ho er ein presidentkandidat med ein stor veljarmasse. 

Ein president skal vere dedikert til å ta vare på alle innbyggjarane sine, ikkje diskriminere dei ho tykkjer ikkje passar inn i ein konservativ nasjonalstat! Le Pen brukar islamofobi som ein del av kampanjen sin, ein ekkel rasisme som ikkje høyrer heime i demokratiet og burde føre til automatisk diskvalifisering.  

Slik rasisme høyrer ikkje heime i 2017.

Eg er kanskje berre 22 år gammal, men til sommaren er eg ferdigutdanna. Eg er glad i Frankrike, men eg hatar den skremmande utviklinga vi ser der for tida.

2017 ser ut til å vere ein gyllen moglegheit til å kjempe for sosial rettferd.

Vive la France; eit Frankrike for alle!

 

LES OGSÅ: Korleis seier ein hei på samisk?

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.30

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE