Klare for NM for ungdomsbedrifter

ShoeSaver-gjengen skal gjere sitt beste for å bli Noregs beste ungdomsbedrift.

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka vart først publisert på Porten.no

Ungdomsbedrifta ShoeSaver, med utspring på Årdal vidaregåande skule, gjekk vidare til NM etter at dei vann fylkesmessa i Sogn og Fjordane i mars. Denne veka konkurrerer dei med andre ungdomsbedrifter i NM på Lillestrøm. 

ShoeSaver har utvikla eit skodekke som ein trekkjer utpå skoen når ein til dømes skal på festival, russetreff eller andre tilstelningar der det kan gå hardt utover skoa.

– Torsdag er det presentasjon av bedrifta, medan fredag står me på stand og syner fram produktet. Me kjem til å lage eit gjørmebad slik at dei som kjem forbi kan teste produktet vårt, fortel Anders Lereng og Hans Skogli, to av ungdomane i bedrifta.

Optimistar
No har dei brukt den siste tida på å førebu seg til konkurransen. 

– Me har bytta litt om på standen vår og gjort han betre. Me har også endra litt på framføringa vår for å få med litt meir om klima- og miljødelen. Me vann nettopp ein miljøpris for produktet vårt, seier Lereng.

Skogli seier dei er optimistiske på vegne av seg sjølv, men vil er fast bestemt på at dei ikkje skal gå for høgt ut.

– Me har ein god idé, og det er den me vil få fram, seier dei.

Avtale med Målrock
For ungdomsbedrifta har dei allereie sikra seg ein avtale med Målrock. Her kan dei redde mange festivalsko i sommar.

– Me jobbar også med andre og håpar å få på plass fleire i løpet av mai. Me håpar mange høyrer om oss no som me skal vera med på NM.

LES OGSÅ: Håkon og Kristoffer får «verdas beste sommarjobb»