Nye retningslinjer for behandling av eteforstyrringar


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Vil ha heile familien i behandling
No blir det lansert nye nasjonale anbefalingar for behandling av eteforstyrringar.
– Nasjonal fagleg retningslinje for tidleg oppdaging, utgreiing og behandling av eteforstyrringar vil vere eit godt verktøy for helsepersonell som behandlar denne gruppa, seier fungerande avdelingsdirektør Vårin Hellevik i Helsedirektoratet.
Eteforstyrringar kan ramme i alle aldrar, og sjukdommen rammar begge kjønn, men majoriteten av dei som blir ramma er kvinner mellom 12 og 40 år.
– Vi veit at ungdom med ulike former for eteforstyrring kan oppleve tapte ungdomsår, og det er viktig å oppsøkje hjelp så fort som mogleg. Jo tidlegare ein får god hjelp, jo større er sjansen for å bli heilt frisk. Ved god behandling tidleg er moglegheitene for å bli frisk relativt gode, seier Hellevik.
Ei av anbefalingane er altså at heile familien blir trekt inn i behandlinga av den som er ramma.
– Å telje kaloriar er ikkje sunt, seier matbloggar Linda Stuhaug (21), som sjølv vart så tynn at kleda hang som søppelsekkar då ho sleit med eteforstyrringar.