Kjetil Østrem, Bladet Sunnhordland
Kjetil Østrem, Bladet Sunnhordland

Saka var først publisert i Bladet Sunnhordland.

– Det er mykje rart som ramlar inn på telefon og på sosiale media om dagen, for å seia det slik, seier Kevin René Gustavsson og ler.

På Facebook kan det koma opp mot 100 venneførespurnader i løpet av éin dag. Og på SMS og Snapchat druknar han regelrett i sextilbod.

Han ler igjen.

– Nei, altså det er heilt vanvitig. Eg får tilsendt bilete av kjønnsorgan, og får meldingar frå jenter som ber meg koma over for å ha sex med dei.

– Har du slått til, då?

– He-he. På det, nei? På den fronten tykkjer eg det er greitt å vita kva eg hiv meg borti. Så nei, det har faktisk ikkje freista så veldig mykje, seier den single 21-åringen frå Sagvåg.

LES OGSÅ: Kevin René (21) frå Sagvåg er med i «Paradise Hotel»

Intervju
Det var kameratane hans som skreiv søknad, og som melde han på årets utgåve av «Paradise Hotel», som i desse dagar er inne i sin niande sesong på TV3. Konseptet? Ei gruppe ungdommar sjekkar inn på eit luksushotell i Mexico, der dei dannar parkonstellasjonar og alliansar, løyser oppgåver og festar. Éin etter éin ryk ut – heilt til det står att ein vinnar.

Gustavsson fortel at han blei kalla inn til intervju, først i Bergen og deretter i Oslo. I desember fekk han beskjed om at han var inne. 3. januar sat han på eit fly til Mexico.

– Eg er for tida arbeidssøkjande, så det passa i grunn bra å delta, seier 21-åringen, som har fagbrev som automatikar, og som tidlegare jobba i Advantec.

– Eit spel
Han gjekk likevel eit par rundar med seg sjølv, før han takka ja.

– «Paradise Hotel» er jo eit program som har fått eit visst negativt stempel på seg, med festing og sex framføre kamera, seier han.

Sjølv la han ein strategi om å liggja litt lågt i terrenget, og vera snill og grei.

– Samstundes er eg jo klar over at det er eit spel, dette her, og at du kan koma til å måtta ta upopulære val. Men eg likar spelet, seier han.

– Korleis er det å sjå seg sjølv på tv?

– I starten var det ganske kleint. Men etter eit par episodar så blei eg van med det, så no går det heilt greitt å sjå på.

Han beskriv opphaldet i Mexico som eit eventyr.

– Å reisa og bu på ei slik stad, og bli kjent med masse nye, kule folk … nei, det var heilt fantastisk. Rett og slett. Eg angrar ikkje eitt sekund på at eg heiv meg på.

Og Triana, korleis var ho?

– Veldig profesjonell, og utruleg flott. Men litt for gammal for meg. Ha-ha. 

Har du høyrt om å «bære gnag» og «slå under et teppe»? Paradise Hotel har vorte ei gullgruve for folk som ler av feilslåtte uttrykk.

Påskekrim
I påska dukka Gustavsson opp som presten «Arnt Johan», i «Paradise Hotel» sin heilt eigen påskekrim.

– Eg fekk velja namnet sjølv. Eg kom til å tenkja på soknepresten i Nysæter, Arnt Johan Vistnes. Han konfirmerte meg i si tid, så eg gjekk like godt for det namnet, eg.

Påskekrim’en kulminerer med at Aleksander Sæterstøl (20) frå Bergen blir «drepen» og blir sendt heim. Inn kjem den nye deltakaren, Andre – med mandat til å senda heim endå ein gut. Fleire av gutane smiskar det dei kan, for ikkje å bli kasta ut av paradiset.

– Heilt der var vel ikkje eg, seier han.

Kva som skjer vidare i serien kan han sjølvsagt ikkje seia noko om. Det er regulert av strenge kontraktsmessige forhold mellom deltakarane og TV3.

– Dei som følgjer med får sjå.

(Her kan du sjå TV3 sin presentasjon av Kevin René Gustavsson.)

Modelldraumen
Nyleg var Gustavsson i Oslo, og festa saman med «Paradise»-kollegaene sine. Tonen mellom dei skal vera god, sjølv om det til tider går hardt for seg inne på hotellet.

– Jada, me kjem godt ut av det med kvarandre, og har det kjekt i lag, seier han.

Målet framover no er å koma tilbake til arbeidslivet – helst knytt mot oljenæringa. Men han er også open for diverse modelloppdrag.

– Men eg takkar ikkje ja til kva som helst.

LES OGSÅ: Paradise Hotel er meir populært enn lærarutdanninga – i Sverige

Pornoforslag
«Paradise»-kollega, nemnde Aleksander Sæterstøl (20), skal blant anna ha fått tilbod om 400.000 kroner for å vera med i ein homsepornofilm, kom det fram tidlegare denne månaden.

– I utgangspunktet var det snakk om ein undertøysjobb. Så blei tonen raskt meir grisete, og pornofilmen dukka opp. Eg takka nei, slår Sæterstøl fast overfor seher.no.

Gustavsson flirer av saka.

– Sånne ting er jo heilt uaktuelt, og kjem sjølvsagt ikkje på tale, ler Kevin René Gustavsson.

70.000 kroner på kroppen
Den unge «Paradise»-deltakaren er lett å kjenna att gjennom alle tatoveringane sine, på armar, hender, hals og bein. Til saman har han tatoveringar for 70.000 kroner. Og han er ikkje ferdig. 

– Ferdig nei? Eg skal tatovera heile kroppen før eg gjev meg, i alle fall store deler.  80 prosent. 

– Kva er det med deg og tatoveringar?

– Tja, det er liksom berre meg. Eg likar stilen, og tykkjer det er kult. Det er sånn eg vil sjå ut, seier Kevin René Gustavsson. 

Ein «Farmen»-vinnar, ein «Anno»-vinnar og fleire bønder på jakt etter kjærleiken. Kvifor er det så mange senterpartistar i norsk reality?

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.29

Kommentarar

ANNONSE