Faste stillingar viktigaste valsak for LO-medlemmene

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Viktigast for LO-medlemer

100.000 LO-medlemmer har valt sine viktigaste valkampsaker. Over halvparten valde «Ja til faste stillingar». 

98.775 LO-medlemmer har svart på kva dei meiner er dei viktigaste krava LO skal stille i forkant av stortingsvalet, skriv Klassekampen. Frå ei liste på 23 saker kunne medlemmene rangere dei fem viktigaste.

Tradisjonelle arbeidslivssaker vann. «Ja til faste stillingar» kom på topp (55.555), «Kamp mot arbeidsløysa» på plass nummer to (49.951) og «Full lønn under sjukdom» på plass nummer tre (46.002).

– Det er ein naturleg respons på den arbeidslivspolitikken regjeringa fører og dei utfordringane vi har i arbeidslivet i dag, seier LOs nestleiar og påtroppande leiar, Hans-Christian Gabrielsen til avisa.

Mindre tradisjonelle arbeidarsaker, som klima, sykkelvegar, kollektivtransport, lærlingar og auka studiestøtte nådde ikkje opp blant dei ti viktigaste sakene. (©NPK)