Påskelesnad frå redaksjonen

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Linn Strømsborg – Furuset (Flamme forlag, 2013)
Eva har levert master, og flyttar inn på jenterommet på Furuset medan livet står på vent og verda snurrar vidare. Fin roman om kva det vil seia å bli vaksen og å kjenna seg heime.

Mary Shelley – Frankenstein (Skald forlag, 2016)
Rusa på den moderne naturvitskapen skapar den unge Victor Frankenstein eit monster han ikkje kan kontrollera. Verdas første sci-fi-roman frå 1809 er framleis sterk lesnad i Øystein Vidnes si gode omsetjing.

Linn Ullmann – Nåde. (Oktober, 2002)
Dødssjuke Johan (69) spør kona si om ho ikkje kan hjelpe han når livet ikkje lenger er verdt å leve. Ho lovar, men når det nærmar seg slutten og kommunikasjonen sviktar er det ikkje lenger godt å veta kva Johan vil.

Cormac McCarthy – The Road (Alfred A. Knopf, 2006)
I denne prisvinnande dystopien følgjer me ein far og ein son, som kjempar for å overleve i eit post-apokalyptisk samfunn. Verda er full av farer og medmenneskelegheit er mangelvare når alle kjempar for sitt neste måltid. Ei historie som set seg i beinmargen.

Jon Fosse – Trilogien: Andvake. Olavs draumar. Kveldsvævd (Samlaget, 2014)
Ei elv av ord om Asle og Alida, paret som risikerer alt for kvarandre og for kjærleiken.

Carl Frode Tiller – Skråninga (Aschehoug, 2001)
Ei brutal forteljing ikledd eit suggererande språk i Tiller sin særeigne stil.

QUIZ: Kven skreiv boka?