– Positivt for miljøet.

Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet
Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet

Først publisert på Vikebladet.no.

– Det er heilt klart fleire som tar buss no enn før, seier bussjåfør Rune Bertheussen i Nettbuss.

Statistikken syner heilt klart at det er fleire som tar buss til Hareid no etter at det vart innført parkeringsregulering. Frå 1. september til 30. november var det i 2013 25.942 passasjerar på ruta mellom Fosnavåg og Hareid. I same periode i fjor var talet auka til 33.421 passasjerar. Bussruta mellom Volda og Hareid hadde same periode i 2013 7.086 passasjerar, i fjor 10.793 passasjerar. Og ruta mellom Åheim og Hareid har auka i same tidsrom frå 3.950 til 6.309 passasjerar.

– Dette viser at parkeringsreguleringa i Hareid sentrum også er positivt for miljøet, og kan vere med å styrke passasjertalet så busstilbodet i framtida kanskje kan bli betre, kommenterer Steffen Urke, som er dagleg leiar og trafikkbetjent i Hareid Parkeringsselskap AS.

Parkerer der det er gratis
– Ja, det er heilt klart fleire som tar buss no, stadfestar Rune Bertheussen, sjåfør i Nettbuss.

Vikebladet Vestposten blir med ein rundtur med bussen mellom Ulsteinvik og Hareid onsdag føremiddag. Det er heilt klart flest passasjerar om morgonen og ettermiddagane, men her er også reisande midt på dag. På veg til Hareid var det fem passasjerar. På tilbaketuren var det seks passasjerar frå Hareid, så kom det på to ekstra på Bjåstad. Passasjerane skulle til Ulstein, Fosnavåg og Volda.

Sjåfør Bertheussen fortel at han ser at folk parkerer der det er gratis, som på Garnes og Ulsteinvik, og så tar dei bussen vidare til Hareid. At bussen no har byrja med timesavgangar, gjer også at fleire tar buss. Det er både unge og eldre som tar buss for å kome seg fram. Her er ein del som pendlar til jobb og skule. Men det kan også vere permitterte som tar seg ein tur til Volda eller Hareid for å fylle dagen med noko. Og på denne avgangen klokka 11 frå Ulsteinvik er det gjerne med folk som skal reise vidare med fly frå Vigra.

To på bytur
Diana Liavåg og Maria Raoewkovic (bildet) seier at dei ofte tar buss når dei skal ein stad, særleg etter at det vart innført parker-ingsavgift på Hareid. Dei bur i Fosnavåg og har tenkt seg på bytur til Ålesund.

Dei synest det er heilt greitt å ta buss.

På veg til jobb
Sara Garnes tar buss frå Ulsteinvik til Hareid tre gonger i veka, for å kome seg på jobb på Floriss Hareid.

– Tar du oftare buss no enn tidlegare?

– Nei, eg har alltid tatt mykje buss, svarer Garnes. På bussen får ho slappa av.

Merkar ikkje noko til det
– Eg køyrer ikkje bil, så då må eg ta buss, seier Oddrun Gjerde som kjem på bussen i Hareid og tar buss til Ulsteinvik.

Ho tar som regel buss ein gong i veka.

– Har du merka noko til at det er fleire som tar buss no etter det vart innført parkeringsavgift på Hareid?

– Nei, eg har ikkje merka noko til fleire passasjerar, svarer ho, men legg til at ho tar som regel buss midt på dag. Den største pågangen er morgon og ettermiddag.

Oppdatert: sundag 4. juni 2017 19.28

Kommentarar

ANNONSE