Dårleg nytt for planetane rundt TRAPPIST-1

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Dårleg nytt for TRAPPIST-1

I februar kom nyhendaom at eit internasjonalt forskarteam fann sju planetar som kretsa rundt ei dvergstjerne berre 40 lysår unna jorda.

Plakatane til pressemeldinga lokka om framtidige reiser til dei jord-liknande planetane. Tre av dei sju planetane vart av forskarane skildra som perfekt plassert i forhold til dvergstjerna «TRAPPIST-1» til å kunne ha flytande vatn. «Dette det mest lovande funnet så langt når det gjeld å finne liv utanfor vårt eige solsystem», var konklusjonen.

– Det er absolutt mogleg at det er liv der, uttala Maria Høegh Berdahl, aspirant ved Norsk Romsenter, og understreka samtidig behovet for meir detaljerte undersøkingar av atmosfæren på planetane.

Resultata frå dei første av dei meir detaljerte undersøkingane er diverre dårleg nytt for reiselystne jordbuarar.


Ei kunstnarisk framstilling av korleis ein førestilte seg utsikta frå ein av planetane rundt TRAPPIST-1. Foto: ESO/M. Kornmesser

Solstormar
Spikeren i kista for den 2 milionar år lange reisa er dei omfattande solstormane på den ultra-kjølege dvergstjerna TRAPPIST-1, skriv Science Alert i omtalen av resultata til den ungarske astronomen Krisztián Vida og kollegaene hans.

Ved å analysere data frå Kepler-teleskopet, kartla dei ungarske forskarane heile 42 solstormar på TRAPPIST-1 over ein periode på 80 dagar. Fleire av solstormane var så sterke at dei elektriske signala vil påverke atmosfæren på dei sju planetane som går i bane rundt stjerna.

Ein av konklusjonane til Vida og kollegaene hans er at fordi solstormane er både kraftige og hyppige, vil ikkje atmosfæren på eksoplanetane stabilisere seg mellom kvar solstorm. Då vert det lite gunstig for menneske (eller andre) å bu der. 

Det verkar diverre til at draumen om bli rombuar må settast på vent, enn så lenge.


Ein stor solstorm på vår eiga sol, fotografert av Solar Dynamics Observatory. TRAPPIST-1 har solstormar som liknar i styrke, men som skyljer over planetar som ligg mykje tettare til dvergstjerna. Foto: : NASA/SDO/AIA

 

Referanse: Frequent flaring in the TRAPPIST-1 system – unsuited for life? Krisztián Vida, et al. arXiv. Lasta opp 29. mars 2017. DOI arXiv:1703.10130v1[astro-ph.SR]