Mali (23) haika åleine gjennom Europa

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det var noko i meg som sa at eg skal ikkje la meg stoppe fordi eg er jente. Eg har alltid syntest at det er ufatteleg urettvist at det skal vere eit problem for ei jente å haike – i motsetning til ein gut, seier Mali Galaaen Røsseth (23).

I fjor sommar tok ho ryggsekken fatt og haika frå Kabelvåg, der ho studerer film på Nordland kunst- og filmfagskole, til Finland og vidare sørover i Europa.

Med seg i sekken hadde ho eit GoPro-kamera, som ho festa i frontruta. Det har vorte til kortdokumentaren Meet in a car, som er ein av 25 filmar som er valt ut til årets Eurodok.

LES OGSÅ: – Det går an å reise på naturen sine premiss

Sjølvforsvarsspray i sekken
Me møter henne på Cinemateket i Oslo, der filmen hennar skal visast laurdag 1. april.

Ho forklarar at prosjektet starta med ein tanke om at når folk møtest, så skapar ein større forståing for kvarandre.

– Me treng ikkje alltid vera einige, men ein kan møtast og snakka saman og forhåpentlegvis fjerna litt av framandfrykta som finnast over alt, seier Røsseth.

Før ho fekk lov av skulen til å reise på haiketur åleine gjennom Europa, måtte ho gå med på ha med seg forsvarsspray og melda frå dagleg om kvar ho var.

– Eg visste jo kva som kunne skje og at eg utsette meg for risiko, men den risikoen hadde eg jo møtt kvar som helst. Eg følte ikkje at det var ein mykje større risiko å setje seg inn i ein bil, men ein må jo sjå litt an kven ein set seg inn i ein bil med, seier Røsseth.

– Det gjekk jo heilt fint. Sjølvforsvarssprayen er ubrukt – heldigvis, smilar ho.

– Opplevde du ingenting ubehageleg?

– Det er jo litt ubehageleg når menn spør om eg vil ha sex. Men det var berre tre av over hundre personar som gav meg ei litt ubehageleg kjensle, men då sa eg «nei» og «ha det», ler Røsseth.

Mali Galaaen Røsseth (23) og greker
Mali Galaaen Røsseth tatoverte verdskartet på skuldera etter at ho vart hekta på reising på folkehøgskulen. Her er ho i samtale med ein greker sommaren 2016. Foto: Skjermdump «Meet in a car». 

Menneskemøter
Den tre veker lange haiketuren gjekk frå Kabelvåg i Lofoten til Finland og vidare gjennom land som Montenegro, Romania, Bulgaria, Slovakia og Hellas, før ho tok ei meir vestleg rute nordover gjennom mellom anna Italia, Belgia og Nederland.

Målet til filmskaparen er å visa korleis ho og dei som plukka henne opp møttest og korleis dialogen utvikla seg. Nokre scener viser pinleg stille, medan andre viser ekstrem openheit.  

Røsseth trur at noko av grunnen til at folk opnar seg er at ein sit saman i eit veldig lite rom, samt at ein sit saman berre for ei kort stund og difor tenkjer: «denne personen møter eg aldri igjen, så då kan eg berre seia kva eg vil».

– Men det er òg det at ein ikkje nødvendigvis treng å ha augekontakt. Ein kan velje å ha augo rett fram og fortelja ei stor historie, seier Røsseth.

Ein av personane som gjorde sterkast inntrykk undervegs var ei finsk kvinne på 42 år som fortalde noko ho enno ikkje hadde delt med sine næraste: at ho endeleg skulle bli mann.

Mali Galaaen Røsseth (23) og rumener om Bulgaria
På reisa gjennom Romania lærte Mali Galaaen Røsseth ein del om romfolket sin situasjon. Denne mannen fortalte på rumensk, slik at ho kunne oversetje når ho kom heim at: «Romania er eit vakkert land…. men, dessverre er det heim til nokon som ikkje fortener å bu i noko land i verda». Foto: Skjermdump «Meet in a car». 

Sosialt press
– Eg er ein ganske naiv person, som trur det er meir godheit i verda enn vondskap, men eg føler at eg fekk det stadfesta, seier Røsseth.

23-åringen har høyrt tallause gonger at det er farlegare å haika no enn «før i tida». Sjølv trur ho heller det er tryggare fordi ein lettare kan nå andre folk ved hjelp av mobil.

Likevel, om du berre er oppteken av å koma deg frå A til B, er kanskje ikkje haiking tingen for deg.  

– Det er ein ypparleg måte å koma i kontakt med folk på, men om ein har lyst til å haike må ein vera sosialt førebudd. Eg vart utruleg sliten av å sitja i ein bil ein heil dag og prata med nye folk heile tida, åtvarar ho.

Filmskaparen sjølv er overraska over kor få som takka nei til å verta filma, og er ikkje sikker på om ho sjølv hadde sagt ja.

– Det handlar kanskje om typen folk som tek med nokon på vegen, at dei er litt meir opne, trur Røsseth.

Dei fleste ho møtte var veldig hjelpsame og delte gjerne mat og til og med husrom. Særleg gjestfridommen i Montenegro mangla sidestykke.

– Det eg sit att med er at Europa er fullt av individ, og at desse individa kan krysse grenser. Dei eg møtte var individ, som sjølvsagt var forma av sin eigen kultur og historie, men mest av sin eigen personlegdom, avsluttar ho.

Les også intervju med Line Rødseth, som saman med tvillingbroren laga film om prosessen etter at ho endeleg fortalde om valdtekta:

Faktaboks

 Eurodok

I år er 16. gongen dokumentarfilmfestivalen Eurodok vert arrangert. Festivalen, som skal visa fram det beste innan europeisk dokumentarfilm, vert arrangert på Cinemateket i Oslo. Frå 29 mars – 2. april kan du sjå 25 filmar. Elleve av desse er med i konkurranseprogrammet.