Unge Venstre vil avlysa 24. konsesjonsrunde

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Unge Venstre vil avlysa oljeleitinga

– Me meiner det er på tide med ei omstilling av norsk oljepolitikk, og me tek innover oss det verda har vedteke i Parisavtalen. Oppvarminga skal avgrensast til godt under to grader, og då kan me ikkje halde fram som før, seier Unge Venstre-leiar Tord Hustveit til NRK.

Oljestrid
Denne helga er Venstre samla til landsmøte i Ålesund for å vedta partiprogrammet for 2017-2021.

Programkomiteen går inn for å ikkje leite etter olje i Lofoten, Vesterålen og Senja – ofte forkorta til LoVeSe. Dei går òg inn for å greia ut klimakonsekvensane av nye leitelisensar.

Men Unge Venstre vil gå endå lenger. Dei vil stoppe utlysinga av fleire leitelisensar og avlyse heile den 24. konsesjonsrunden, der regjeringa i mars utlyste 102 blokker – 93 av desse i Barentshavet og ni i Norskehavet.

Hustveit meiner dette er framtidsretta politikk, som handlar om både velferd og næringsliv.

– Om me investerer fleire titals milliardar i Barentshavet, og det viser seg at investeringane ikkje er lønsame på grunn av auka klimarisiko, då set me jo velferda på spel, seier Hustveit til NRK.

LES OGSÅ: Berre éin av tre vil ha olje i LoVeSe

Meir seksualundervisning og ungdomsråd
Forslaget frå Unge Venstre er ikkje innstilt av programkomiteen, det er derimot desse Unge Venstre-forslaga:

► Meir seksualundervisning i lærarutdanninga

► Krav om at alle kommunar etablerer barne- og ungdomsråd eller ungdommens kommunestyre

Venstre går også inn for å senka aldersgrensa for stemmerett til 16 år, noko som har vore ei kampsak for ungdomspartiet. Dette forslaget får støtte av forskarane, som meiner ein vil styrkja lokaldemokratiet ved å senka aldersgrensa for å stemme ved lokalval.

Her er Unge Venstre-forslaga som ikkje er innstilt av komiteen, men som skal behandlast på landsmøtet:

► Fjerna ordenskarakteren

► Redusera talet på obligatoriske fag og det samla timetalet obligatoriske fag i den vidaregåande skulen (*forslag frå Haakon Riekeles, tatt opp av Tord Hustveit)

► Leggja til rette for at asylsøkjarar kan ta vidaregåande opplæring, også om dei har vidaregåande utdanning frå heimlandet som ikkje er godkjent i Noreg

► Gradvis fasa ut BSU-ordninga

► Etablera eit idrettsstipend for toppidrettsutøvarar i smale idrettar

► Høgare utdanningsinstitusjonar skal ha eit aktivt holdningsarbeid mot valdtekt og seksuelle overgrep

Politiet bør i større grad bli premiert for godt førebyggjande arbeid