Saka er henta med velvilje frå Porten.
Når spelarane ruslar spente inn på bana, er det tonane frå Highasakite si nye Eliteserie-hymne som skal runge på stadion
Hymna skal prege både TV-vignettar og promoar, og ikkje minst skal ho fungere som innmarsjmusikken på alle stadionar i Eliteserien.
– Me ønskte ein musikk som skulle gi publikum gåsehus samstundes som han tok med seg verdiane til Eliteserien – lidenskap og fellesskap. Det synest me Highasakite verkeleg har fått til, seier prosjektansvarleg i Fotball Media, Hallbjørn Saunes.
I Sogn har innbyggjarane kanskje eit litt ekstra spesielt forhold til Highasakite sidan dei også stod for kjenningsmelodien til serien «Frikjent», som vart spelt inn i Årdal og Lærdal.
No skal tonane også runge ut mellom fjella i Sogndal på kampdag.
– Eliteserien er eit stort og sterkt merkenamn, og vignetten som har vore i bruk dei siste åra har fått vere med lenge. Det gjer det jo til ei ekstra stor ære i det heile tatt å bli spurt om oppdraget, seier Ingrid Helene Håvik i Highasakite.
Høyr hymna i sin heilskap her: