Bob Dylan får omsider nobelmedaljen sin i helga

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bob Dylan får nobelmedaljen

Bob Dylan skal i helga få overrekt nobeldiplomet og nobelmedaljen i Stockholm. Pressa får ikkje vere til stades.

– Møtet blir lite og intimt, og ingen medium kjem til å vere til stades, skriv Akademiens sekretær Sara Danius på sin blogg.

LES OGSÅ: Visesongaren Bob Dylan får Nobelprisen

Noka nobelforelesing vil han visstnok heller ikkje halde, sjølv om forelesinga er påkravd for at Dylan skal få dei 8 millionar svenske kronene som følgjer med prisen.

Akademien har derimot fått beskjed om at dei kan vente seg ein innspelt versjon av eitt eller anna slag, ifølgje Danius.

Dylan er i Stockholm laurdag og søndag for å halde to konsertar.

LES OGSÅ: – Prisen til Dylan er ein siger for songlyrikken

Tom Roger Aadland bles nytt lit i Bob Dylan – på nynorsk