Fleire politimelde for ruskøyring

Framtida
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

2.046 personar vart melde til politiet for køyring i rusa tilstand i fjor, nesten tre gonger så mange som i 2014.

– Det nye instrumentet kalla Drug Test, som avslører pille- og narkotikamisbruk, er noko av grunnen. Tidlegare hadde vi berre observasjonen til betjentane, men no kan dette enkelt avslørast med spyttprøver, seier sjefen for utrykkingspolitiet, Runar Karlsen, til P4.

Ein annan grunn til at fleire blir tekne for ruskøyring, er at UP kontrollerer fleire enn før.

Anslag frå Statens vegvesen og Folkehelseinstituttet viser at mellom 70.000 og 140.000 personar køyrer i rus kvar dag, og at rus har vore ein medverkande årsak til kvar fjerde dødsulykke.