I kø for å få solkraft

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Både bustadeigarar og bedrifter står i kø for å få solceller på taket. I fjor blei solkraftkapasiteten i Noreg nesten firedobla. 

I 2016 blei det installert over 11 MWp solceller i Norge. Det er 366 prosent meir enn i 2015, då det blei installert 2,45 MWp, skriv Nationen. Næringsbygg står for den største veksten, samtidig har talet på einebustader med solcellepanel på taket tredobla seg det siste året.

Nokre av årsakene til at solkraft har vakse så veldig i det siste, er truleg at Stortinget på tampen av 2015 vedtok at heile straumproduksjonen frå solcelleanlegg har rett på å bli tildelt elsertifikat. Dermed blei mange planlagde investeringar realiserte i 2016. I tillegg har prisane på solcelleanlegg gått kraftig ned.

Det leiande solenergiselskapet i Noreg, FUSen, kan stadfeste at det er svært gode tider.

– Omsetninga til FUSen auka frå 11,9 millionar i 2015 til 77 millionar kroner i 2016 – og vi har allereie fulle ordrebøker langt inn i 2017, seier dagleg leiar i FUSen Thor-Christian Tuv til Nationen. (©NPK)

LES OGSÅ: Abu Dhabi: Olje kan ikkje matcha solkraft