Regjeringa med Høgre og Frp har kutta fedrekvoten frå 14 til ti veker. No vurderer alle dei andre partia å reversere kuttet, melder NRK.
Programkomiteane i Ap, SV og KrF foreslår å auke kvoten til 14 veker. Landsmøta i Sp, Venstre og MDG skal behandle forslag om å dele permisjonstida inn i tre like store delar, til mor, far og ein fellesperiode.
– Det var absolutt eit feiltrinn å redusere fedrekvoten, seier stortingsrepresentant Kirsti Bergstø (SV) til NRK.
Høgres Henrik Asheim meiner derimot det var rett å kutte fedrekvoten.
– No får familiane fire veker ekstra som dei kan fordele fritt. Alternativet var at dersom far ikkje kunne ta alle 14 vekene, så vart familien fråteken desse vekene. I balanse mellom det å ha ein fedrekvote og å anerkjenne at familiane er forskjellig, meiner eg ti veker er eit riktig nivå, seier han.
Høgre vedtok på sitt landsmøte i helga å behalde ordninga med fedrekvote som i dag. Partiet har tidlegare meint at foreldre skulle kunne dele permisjonen seg imellom som dei ville.