Trur ikkje E39 blir ferjefri på 20 år

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Statssekretær Tom-Christer Nilsen (H) i Samferdselsdepartementet trur det blir krevjande å gjere E39 ferjefri på 20 år. – Det er kjempeutfordrande med dei kostnadene, seier Nilsen.

For fire år sidan lovde Trond Giske (Ap) og Liv Signe Navarsete (Sp) at ein ferdig ferjefri E39 skulle stå klar innan 20 år.

I den etterfølgjande valkampen lovde dei borgarlege partia å følgje opp løftet viss dei fekk høve til å overta makta. Men sidan den gongen har prislappen på prosjektet auka frå 150 til 340 milliardar kroner.

På spørsmål om ferjefri E39 på 20 år er realistisk, svarer statssekretær Tom-Christer Nilsen dette til Bergens Tidende:

– Nei, du ser at det blir kjempeutfordrande med dei kostnadene. Men det er jo ein av dei tinga som vi ikkje har sagt noko om.

– Viss vi har ei veldig sterk prioritering, så kan ein klare det. Men det vil stå noko om det når vi legg fram NTP. Der vil ein ta ein fot i bakken, seier han til avisa.

Tre kan nå fristen
Stortinget har vedtatt ein ambisjon om E39 skal vere ferjefri innan 2035. Med dagens tempo vil det bety at berre tre av sju fjordkryssingar er trygge på å nå fristen. Forutan Hordfast gjeld det Rogfast mellom Stavanger og Haugesund, og Møreaksen som kuttar kraftig ned på reisetida mellom Ålesund og Molde.

Tidlegare samferdselsminister Liv Signe Navarsete (Sp) (bildet) forstår at dei auka kostnadene skapar utfordringar for prosjektet ferjefri E39.

– Men dei var veldig høge og mørke då vi foreslo det. Det var ikkje eit problem dei ikkje kunne løyse. No viser det seg at dette ikkje er så enkelt, seier ho.

Også KrF-leiar Knut Arild Hareide har tidlegare antyda at 20-årsplanen kan sprekke. I eit intervju med BT nyleg uttalte han at Hordfast, Rogfast og Møreaksen er dei mest realistiske prosjekta å få fullført i denne 20-årsperioden.