Partia krev at det blir 20 prosent dekningsgrad på studentbustader, noko som betyr at det trengst nesten 15.000 fleire studentbustader, ifølgje NRK.
I tillegg ber dei om at studiestøtta aukar med minst 30.000 kroner i året, og at stortingspolitikarane løyver meir pengar til psykisk helsevern for studentar.
– Det er unikt at alle ungdomspartia er med, særleg i eit valår. Det gjer det lett for moderpartia å seie ja til dette kravet, meiner leiar Marianne Andenæs i Norsk studentorganisasjon.
På biletet øvst i saka ser du frå venstre: FpU-leiar Bjørn Kristian Svendsrud, Kristoffer Gustavsen, andre nestleiar Unge Høgre, Kristoffer Gustavsen, KrFU-leiar Ida Lindtveit, Anna Kvam, talsperson Grøn Ungdom, NSO-leiar Marianne Andenæs, Ada Arnstad, leiar i Senterungdommen, AUF-leiar Mani Hussaini, SU-leiar Andrea Sjøvoll og RU-leiar Linn Elise Mehlen. Foto: NSO