Are Kalvø: Hei! Kunne du tenke deg ein håplaus jobb?

Ein bør alltid prøve å forstå kva som ligg bak. Så når folk no diskuterer samanslåing av kommunar og fylke, då kan det vere greitt å tenke på dette:

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kalvø: Kunne du tenke deg ein håplaus jobb?

Ein dag for omtrent tre og eit halvt år sidan, ringde telefonen til han som i dag er kommunal–  og moderniseringsminister. Han tok telefonen og sa:

– Hallo?

– Hei, det er statsministeren som ringer.

– Å hei.

– Har du lyst til å bli kommunalminister?

– …

– Hallo? Er du der? Eg spurde om du har lyst til å bli kommunalminister.

– Er du fullstendig sjuk i hovudet ditt? Det er ingen som har lyst til å bli kommunalminister.

– Nei, altså…

– Har du nokon gong høyrt nokon seie «Det eg har mest lyst til i verda, er å bli kommunalminister»?

– Ein gong, men han var ganske full og sannsynligvis ironisk. Det var på det landsmøtet i..

– Det har aldri skjedd at eit barn har ropt ut: «Når eg blir stor, skal eg bli kommunalminister!!!»

– Nei, det…

– I så fall håper eg barnevernet blei kontakta umiddelbart.

– He he. Men…

– Du kan ha lyst på ein ferie eller ein skitur eller biff. Du kan ha lyst til å danse i graset eller stupe frå tiaren. Du kan ha lyst til å kjenne vinden i håret. Du kan ha lyst på ein halvliter i friluft eller ein helgetur til London. Du kan ha lyst til å køyre i open bil tvers over Amerika.

– Eg trur eg har tatt poenget no.

– Du kan ha lyst til å bli profesjonell fotballspelar eller popstjerne. Du kan ha lyst til å bli berømt. Du kan til og med ha lyst til å bli ingeniør eller tannlege eller kirurg eller pilot. Du kan ha lyst til å jobbe i kiosk eller restaurant. Du kan ha lyst til å drive eit småbruk, eller eit lite vertshus ved havet.

– Greitt greitt…

– Du kan ha lyst til å bli statsminister eller finansminister eller kulturminister eller utanriksminister…

– GREITT! Eg forstår. Ingen har lyst til å bli kommunalminister. Point taken. Sorry. Det var dumt formulert. Men jobben er i alle fall din, om du seier ja.

– Det er ingen andre jobbar i regjeringa som er ledige?

– Nei.

– Sikker? Ingen av desse statsrådjobbane der ein får gratulere kongen med dagen eller helse på norske gullvinnarar i ski-VM?

– Nei.

– Men trur du kanskje eg kan få ein sånn jobb neste gong? Viss eg gjer det bra no?

– Vi får sjå.

– Ok. Kva er det jobben som kommunalminister går ut på igjen?

– Du må jobbe veldig mykje med noko som ingen nokon sinne kjem til å snakke entusiastisk om. Dei som er imot det du driv med, kjem til å lage eit helvete absolutt heile tida. Dei fleste er for, men dei kjem stort sett til å halde kjeft.

– Eg forstår. Og kor lenge skal det vere sånn?

– Alltid. Det er det som er jobben.

– Nettopp. Og kva er det eigentlig eg må vere god til for å gjere denne jobben?

– Bortsett frå å jobbe veldig mykje med ting som ingen snakkar entusiastisk om?

– Ja?

– Du må vere god til å delta i debattar utan å falle for freistinga til å seie: «Jamen, så drit i det då».

– Det skal eg klare..

– Eller: «Det var akkurat det Trump sa».

– Den er verre.

– Eller: «Du er berre sjef i ein rik kommune som ikkje vil dele med andre». Det må du aldri seie.

– Ikkje eingong om det er sant?

– Spesielt ikkje om det er sant.

– Kjem folk i det minste til å sette pris på det eg har gjort etter ei stund?

– Neppe. Men folk kjem sannsynligvis til å gløyme det.

– Det er då noko. Og du lover altså at eg får ein skikkelig statsrådsjobb neste gong?

– Det har eg ikkje sagt.

– Kan vi i det minste finne på eit litt betre namn enn kommunalminister? «Reformsjef» kanskje? Eller «Landsbyggar»? 

– Vi veit begge at det er poenglaust. Du kan sminke ein gris, men det er framleis ein gris. Berre at grisen ser ekstra teit ut.

– Du måtte bruke akkurat det bildet?

– Ja.

– Kan vi legge på noko ekstra då? Sånn at det blir litt større? Kommunal- og eitellerannaminister?

– Greitt. Vi kan slenge på moderniseringsminister. Ingen forstår kva det betyr uansett. Har vi ein avtale då?

– Kan eg få tenke på det?

– Nei.


Først publisert i Aftenposten 25. februar.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!