Forskarar har funne sju planetar som liknar på jorda

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På desse planetane kan det vera liv

Forskarar har funne sju planetar som kretsar rundt ei dvergstjerne berre 40 lysår unna. Alle planetane liknar på jorda.

Ifølgje eit internasjonalt forskarteam er dette det mest lovande funnet så langt når det gjeld å finne liv utanfor vårt eige solsystem.

Planetane er oppdaga ved hjelp av teleskopdata. Dei er alle på omtrent same storleik og med same masse som vår eigen planet, og dei er nesten med sikkerheit steinete.

Tre av dei er perfekt plassert i forhold til dvergstjerna «TRAPPIST-1"» til å kunne ha flytande vatn som kan danne grunnlag for liv, skriv forskarane i ein forskingsartikkel som blei publisert i magasinet Nature onsdag. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?