– Tvang er udemokratisk

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Senterpartileiar Trygve Slagsvold Vedum meiner tvangssamanslåinga av kommunane er grunnleggjande udemokratisk, ifølgje VG.

– Det som skjer er heilt uansvarleg. Dei har brukt det vi har kalla økonomisk tvang for kommunar som ikkje vil slå seg saman og heile tida utøvd eit kraftig press. No viser det seg at sjølv når kommunar har stått imot det, blir det tvinga gjennom, seier Slagsvold Vedum til VG.

LES OGSÅ: Tvangssamanslåing av 13 kommunar. 

Løftebrot
Sp-leiaren meiner regjeringspartia har brote eit løfte om ikkje å bruke tvang.

Tysdag vart det kjent at i alt 13 kommunar blir slått saman med nabokommunar mot sin vilje. KrF har sagt nei til all tvang, men Venstre sikrar regjeringa fleirtal, ifølgje NRK.

– Til Skedsmo, Sørum, Fet og andre kommunar som blir foreslått tvangssamanslått har eg ein bodskap: Ikkje bruk éi krone til av pengane til fellesskapet på denne meiningslause prosessen før valet! seier Sigbjørn Gjelsvik (Sp) til NTB. Han er førstekandidat for Akershus Senterparti til stortingsvalet.

LES OGSÅ: Les meir om Vestlandsregionen her.