Pus var offshore i ni dagar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Etter å ha snike seg om bord i ein supplybåt som skulle ut til Ekofisk, blei den store hannkatten oppdaga av mannskapet på båten Skandi Hugen etter seks dagar til sjøs, skriv Stavanger Aftenblad.

Då var han sterkt tilgrisa av olje, ifølgje Dyrebeskyttelsen i Sør-Rogaland som først fortalde om katten. Medan han var ombord stal katten mat frå kokken for å overleva. 

Tilbake på land
Då mannskapet klarte å finne skjulestaden til katten ved hjelp av kameraovervakinga om bord, fekk han seg både ein grundig vask. Etter eit par rundar med Head & Shoulders og Dobbel Dusch, venta eigen lugar og rikeleg med mat. 

Katten blei deretter flytta over til ein annan båt som var på veg tilbake til Noreg.

Nå er katten hos Dyrebeskyttelsen, som har tatt han med til veterinær. Der vart han vaska for oljerestar, og han fekk chip og øyremerke. 

Det spørst om pus har lyst på fleire turar offshore med det første…

LES OGSÅ: Derfor er det bra å sjå kattevideoar på YouTube.