Bøkene må vera tilpassa

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Me er opptatt av at alle skal ha tilgang til gode bøker som tilpassa leseferdigheiter og alder, seier Hanna Bovim Bugge, rådgjevar i Leser søker bok.

Les også saka om nynorskforfattar Nina Skauge, som les for ungdom med lærevanskar.

Fleire tips
På Boksøk.no kan du finna fleire bøker med enkelt innhald som organisasjonen tilrår. Bugge trekk fram serien Følelsesbiblioteket av Anna Fiske, med bøker om Sjalusi, Redd, Sorg, Sjenanse og Forelskelse, utgjeve på Solum.

– Bøkene har gode illustrasjonar og berre ei setning per side. Det er gode samtalebøker som ufarleggjer kjenslene våre.

Johanne Emilie Andersen har gjeve ut fleire bøker om Stig og Julie.

– Ho seier at alle har i seg nokre trekk, men at hos menneske med utviklingshemming blir desse trekka sterkare.

Bruker kjende kulissar
Forfattaren gjer ikkje noko stort poeng ut av at hovudkarakterane har ei utviklingshemming, men ein kan lesa det gjennom linjene og gjennom miljøet dei er i. Til dømes ved at Julie jobbar i ei attføringsbedrift.

– Det er viktig å bruka kulissane som målgruppa kjenner igjen, seier Hanna Bovim Bugge.

Andre bøker ho spesielt vil tilrå er Du er vel vakker av Erna Osland og Du biter ikke av Hilde Hagerup.

Støttar utvikling av bøker
Leser søker bok støttar utgjevingar av bøker for både born, ungdom og vaksne gjennom innkjøpsstøtte og produksjonsstøtte.

– Me prøver å gje lesarane gode forfattarar med litterære kvalitetar. Det er behov for fleire bøker for menneske med utviklingshemming. Særleg når det gjeld sakprosabøker. Me prøver å gi støtte til dei bøkene som ikkje finst enno, seier Hanna Bovim Bugge.

LES OGSÅ: TV Bra utvidar på Vestlandet