Amy Macdonald til Tysnesfest

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amy Macdonald lanserte fredag denne veka sitt nye album «Under stars». Same dag annonserte Tysnesfest at Macdonald kjem til årets festival, som vert arrangert 12.-16. juli.

Den skotske låtskrivaren og songaren Amy Macdonald (29) har solgt ni millionar album. I 2007 gjorde ho braksuksess med debutalbum «This Is The Life», der tittelsporet vart ein megahit.

Skotten speler på Gjerstad arena laurdag 15. juli, same dag som verdsstjerna Alan Walker.

I tillegg kjem artistane Vazelina Bilopphøggers, Highasakite, Sivert Høyem, Astrid S, Staysman & Lazz + Katastrofe, deLillos, Kim Larsen, Storm Weather Shanty Choir, Janove, Cezinando, Vamp, Sigvart Dagsland og Karoline Krüger, Sophie Elise – Vegard Harm og Joakim Kleve, Gunslingers, Ausekarane, Familieforetaket og De Musikalske Dvergene.