«Du vil vel ikkje hamna i kassen på Rema?»

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil vel ikkje hamna i kassen på Rema?

Saka var først publisert i Kvinnheringen.

– Det er nokre som seier «Hæ? Kva skal det bli av deg?» når eg fortel dei kor eg jobbar, seier butikkmedarbeidar Tommy Hauge (20) frå Husnes.

– Det er ein bra jobb, men yrket vert framleis sett litt ned på. Det er mange som berre tenkjer på pengar og status når dei vel jobb. Men slike kommentarar gir meg berre meir energi og meir motivasjon til å visa at ein kan komma langt i denne bransjen, seier han.

Hauge har gått service og samferdsle-linja på KVV, og i haust tok han fagbrev som salsmedarbeidar. Etter endt læretid fekk han seg fast jobb på Rema 1000. Her fann han seg godt til rette.

Draumen hans er å gå på butikkjeda sin eigen kjøpmannskule, med opplæring i mellom anna leiing og økonomi, for å bli kjøpmann.

– Då eg begynte i lære i butikken fann eg fort ut at det var noko for meg, og at eg ville satsa vidare i bransjen. Det er mange som ikkje får fast jobb etter læretida, eller som ikkje får lærlingplass der dei vil, så eg føler meg heldig, seier han.

Les innlegget: «Eg har høyrt folk presentere seg som «berre» tømrar»

Lenge i tvil
Hauge fortel at han lenge var usikker når det kom til å velja retning for framtida.

– Det var vanskeleg å velja, og eg var usikker då eg begynte på service og samferdsle. Men eg liker å snakka med folk, og ville ha ein jobb der eg kunne treffa på folk i arbeidsdagen. Ein kontorjobb der ein sit stille ved ein pult heile dagen, ville ikkje vore noko for meg. I denne jobben er det kjekke utfordringar, og du gjer aldri det same kvar dag.

– Kva er det kjekkaste med jobben?

– Det er det sosiale. Ein ser folk heile tida, og både kundane og medarbeidarane er greie.

– Og det verste?

Han tenkjer seg lenge om før han svarar:

– Det er eigentleg ikkje noko eg ikkje liker.

LES OGSÅ: «Alle» vil jobba i butikk. Det uroar ekspertane