Leiar i Oslo KrFU, Kristofer Olai Ravn Stavseng, meiner KrF ikkje ser ut til å ha fått med seg at det allereie finst alternative kjønnsidentitetar.

Kristofer Olai Ravn Stavseng, leiar Oslo KrFU
Kristofer Olai Ravn Stavseng, leiar Oslo KrFU

På torsdag kunne vi lese at KrF si stortingsgruppe avviser å støtte forslaget om å innføre ein tredje kjønnskategori.

Som KrFUar er eg skuffa. For det moderpartiet mitt ikkje ser ut til å ha fått med seg, er at det allereie finst alternative kjønnsidentitetar. Dei er berre ikkje offisielle.

Vi veit at fleire synest det er vanskeleg å passe inn i dei tradisjonelle kjønnskategoriane. Eg synest ikkje det burde vere naudsynt å sjå dette som eit problem.

Folk burde kunne omfamne seg sjølv som den dei er, og vi som samfunn burde omfamne det mangfaldet vi har av ulike mennesketypar. Ein del av dette burde vere å gi ei anerkjenning til dei som gjerne vil identifisere seg som «hen».

KrF har sagt at ein vil gjere dette, men vil berre ikkje gi dei nettopp den eine tingen dei vil ha – ein eigen kjønnskategori. Dette stiller eg meg undrande til.

Les intervju med Luca: – Eg vil ha eggstokkar og vera mann 

Hareide har sjølvsagt rett i at mannen og kvinna er grunnleggande for familien og samfunnet. Men i det du seier at det dermed ikkje er plass til fleire, er tolkinga kanskje noko snever.

Det er òg utruleg viktig å hugse på at vi ikkje heng oss opp i det fysisk kjønnslege i dette spørsmålet. Tenk på at det i engelsk finst «sex» og «gender». Dette er ulike forståingar av kjønn, der den eine handlar om det biologiske, medan den andre handlar om det sosiale og kulturelle.

Når alt kjem til alt handlar ikkje «hen» om det fysiske kjønnet, men om kjønnsidentitetar. Soleis kan ein ikkje seie at «hen» utgjer eit trugsmål mot familien eller samfunnet.

Møt kjønnspøbelen Kristin Fridtun! 

Mest av alt synest eg «hen» er ein genial idé nettopp fordi det er i tråd med det viktigaste i den kristendemokratiske ideologien: menneskeverdet. At kvart menneske har ein uendeleg verdi – ein eigenverdi, uavhengig av eigenskapar. Det er dette som er utgangspunktet for all vår politikk. Å innføre «hen» vil vere ei riktig og viktig stadfesting av dette menneskesynet.

Les også:

Senterungdommen vil innføra eit tredje kjønnsalternativ 

Ap vil vurdera eit tredje kjønnsalternativ 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.15
ANNONSE