Are Kavø: Bråkebøttene på nabobordet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er som å vere ute ein plass. Og ein gjeng på nabobordet dominerer heile plassen. Dei snakkar altfor høgt og altfor mykje. Dei ler. Altfor høgt og altfor mykje. Dei er litt fulle. Alle i lokalet legg merke til dei. Folk snur seg. Ganske mange himlar med auga. Nokon slår ut med armane.

Bryr dei seg? Nix. Legg dei i det heile tatt merke til det? Neppe.

Du og gjengen din sitt der på nabobordet. Og de slit. Det er vanskelig å få sagt noko. Det er rett og slett for mykje lyd frå nabobordet. Du og folka dine sukkar. De prøver å halde tråden. De snakkar om viktige ting. Og slik kan de halde på. Men det er berre å gi opp. I lengden går det rett og slett ikkje.

Og ein plass langt der inne veit du at problemet ikkje er at desse folka på nabobordet er bråkete, eller at dei ikkje veit korleis ein skal oppføre seg, eller at dei øydelegg kvelden for alle andre. Problemet er sjølvsagt at dei har det morsommare. Og det beste de kan gjere er å berre la den viktige samtalen ligge og høyre kva dei snakkar om på nabobordet. Eller endå betre: gå bort og spørje om de kan få sette dykk der. Det får de sikkert lov til.

Litt slik er det.

Du kan prøve. Du kan insistere på at du er opptatt av viktigare ting. Du kan sukke og snøfte og himle og halde på. Du kan seie at det er dumt og vulgært og uvesentlig. Du kan le. Du kan vere sarkastisk. Ei stund. Men til slutt går det ikkje meir. Til slutt må du berre bryte saman og seie:

Okei, kven er denne Lothepus?!?

Du kan insistere på at du er opptatt av verkelige ting. Ting som betyr noko. Du kan prøve å vere skarp og vittig. Du kan seie at reality-tv verkelig har gått heile runden rundt når nokon lagar eit tv-program der ein fyr som er kjent for å vere med i dette tv-programmet sitt i ein sofa og ser på eit tv-program der han sjølv er med, i kraft av å vere kjent for å sjå på tv på tv. Slike ting kan du seie.

«Kjendis?» kan du fnyse. «Kjendis?!? Eg har ikkje høyrt om halvparten av desse folka som er med på kjendis-farmen!». Og så kan du vere fornøgd med deg sjølv, og håpe at vennene dine ler av deg.

Du kan riste på hovudet når du ser førstesidesaker om dei kjendisane som takka nei til å vere med på «Farmen». Har vi verkelig ikkje noko anna å skrive om? kan du rope. Og så kan kan du le litt, overberande. Trump, kan du seie. Flykningar. Grenser. Yttarliggåande krefter over heile Europa, kan du seie. Oljefondet. Handlingsregelen. Du kan prøve. Det speler inga rolle. Du kan insistere. Det hjelp ikkje. Du kan klage. Du kan halde på. Men før eller seinare blir du berre nødt til å innsjå at problemet er at desse andre har det morsommare.

Før eller seinare kjem du til det punktet der det er nyttelaust å prøve. Der det berre er å gi etter. Det er for massivt. Dei dominerer lokalet så totalt. Og dei ler. Av vitsar du ikkje forstår. Før elles seinare må du berre innsjå at det er poenglaust å late som du ikkje er interessert i kva desse vulgære bråkebøttene snakkar om. Før eller seinare er det berre å innsjå at det beste er å gå bort og spørje om de kan få sette dykk der. Det får de lov til. Garantert.

Det er dumt. Det er teitt. Det er uviktig. Men å ikkje vere opptatt av det som alle snakkar om, det er einsamt. Og det er verre i lengden. Spesielt når det er heilt undøvendig.


Først publisert i Aftenposten 18. februar.

Fekk du med deg? Rasar mot TV2 etter teksting av Lothepus.

Denne Are Kalvø-teksten er den mest lesne i år.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!