Frivillige må betale for å få levere natursøppel
Søppelaksjonistar oppgitt over leveringsavgift.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Må betale for å levere natursøppel
Mange har på eige initiativ gått i gang med private ryddeaksjonar etter den triste historia om kvalen som hadde fått magen full av plast.
Fleire har reagert på at dei må betale for å få levert avfallet dei frivillig har samla inn, skriv NRK.
Grete Hjellestad frå Ytrebygda ved Bergen er ein av dei som irritert måtte konstatere at det lokale renovasjonsselskapet Bir ikkje ville ta imot plasten ho hadde samla inn på strendene sist helg.
– Dei var ikkje villige til å ta imot plasten gratis. Ein måtte betale viss ein ville levere det inn. Det gjorde meg ganske sur, seier Hjellestad til NRK.
Mens mange renovasjonsselskap tar imot slikt "herrelaust" avfall utan å ta seg betalt, meiner Bir det må vere eit politisk ansvar å finansiere gratis mottak av plastavfall.
Selskapet samarbeider likevel med Bergen og omland friluftsråd og ein del andre renovasjonsselskap om strandrydding og har søkt om støtte til det.
Og laurdag 6. mai er det nasjonal strandryddedag.