NOAH rasar etter Senterpartiets ulvevideo

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Sp sin ulvevideo er propaganda

– Sp viser sitt rette ansikt. Dette er propaganda på sitt verste. Kor lågt skal eit politisk parti med stortingsrepresentantar få lov til å søkke når det gjeld fakta, forakt og populisme? Det er useriøst og viser Sps konfliktdrivande interesse i denne saka, seier Siri Martinsen, leiar av dyrerettsorganisasjonen NOAH, til Dagbladet.

Videoen byrjar med teksten «Trur du på eventyr?» og bilete av skodespelaren Kevin Costner og ulvar frå filmen Danser med ulver. Deretter følgjer bilete av hundekadaver, ulvar med blodige tenner og teksten «Men vi veit at røynda er annleis», skriv Dagsavisen.

LES OGSÅ: Ny ulve-semje på Stortinget, Senterpartiet sett på sidelina

Sterke reaksjonar
– Dei lyg om ein meiningsmotstandar og ein samfunnsaktør. Dei insinuerer at NOAH vil ha ulv som kjæledyr. Det er jo slik ein må tolke dette merkelege  samansuriumet. Så kan ein også lure på kvifor dei vel å trekkje ulvedebatten endå lenger ned i søla, ved å drive denne typen dritkasting, fortset Martinsen.

WWF Norges generalsekretær Nina Jensen reagerer også på videoen, som ho overfor Dagsavisen kallar spekulativ stemmesanking. 

– Eg veit ikkje om eg skal le eller gråte. Her spelar dei på alle verkemiddel i boka for å få folk til å bli redde, med haisommar-musikk og blodige hundar, samtidig som dei ikkje bryr seg om reelle fakta. Her er det ikkje lenger snakk om alternative fakta, men å teikne opp eit heilt eige verdsbilete, seier Jensen. 

Martinsen seier statistikk frå forsikringsselskap i Sverige viser at fleire hundar blir drepne av andre viltartar enn ulv.

– Påkøyrsel er den største dødsårsaka, og det er jamt over fleire hundar som døyr av vådeskot enn som blir tatt av ulv under jakt, seier ho.

LES OGSÅ: – Hatet mot ulven er grunnlaust, skriv caffelatte-drikkaren Elise Løvereide

– Beskriv røynda
Lars Vangen, medierådgjevar i Senterpartiet, seier til Dagbladet at videoen vart grundig vurdert då den vart laga.

– Vi var opptatt av at ingenting som stod der skulle vere feil. Ingen tal blir presenterte. Vi prøver berre å skildre røynda til dei som opplever ulven på nært hald. Bileta viser ein hund som er blitt angripen av ulv. Det er ikkje snakk om fakta eller ikkje fakta. Dette er slik det er for dei som opplever ulven på kroppen, seier han.

Videoen vart lagt ut kort tid etter at klima- og miljøminister Vidar Helgesen (H) tysdag fekk refs i fleire rundar frå Stortingets talarstol då dei folkevalde debatterte handteringa hans av ulvepolitikken. 

Senterpartiets nestleiar Ola Borten Moe omtalar videoen som "nøktern folkeopplysning".

– Eg synest ikkje den er så veldig dramatisk. Den kunne vore enda meir dramatisk. Det er mange som finn dyra sine delvis i live med avrive jur og opprivne sider. Det ville blitt opplevd som betydeleg meir dramatisk, og det ville vore akkurat like sant. Bileta viser røynda, seier han.