Dropp namnet Vestlandet og gå for Bjørgvin, oppmodar Sogn og Fjordane Mållag.

NPK
NPK

Når Hordaland og Sogn og Fjordane slår seg saman bør storfylket ta namnet Bjørgvin, ikkje Vestlandet, meiner Sogn og Fjordane Mållag.

– Vi er svært nøgde med at nynorsk er vedteke som administrasjonsspråk i den nye regionen, men vi er mindre nøgde med namnet som forhandlingsdelegasjonane er blitt samde om, heiter det i ei fråsegn frå mållaget, skriv Fjordenes Tidende.

BAKGRUNN: Vestlandsregionen blir «Vestlandet»

Dei viser til at namnet Vestlandet er både fantasilaust og historielaust, medan namnet Bjørgvin finst i skriftlege kjelder frå 1349 og i andre former av namnet frå endå lenger tilbake. 

– Eit namn som har overlevd Svartedauden er godt kvalifisert til å bli namnet på den nye regionen, heiter det i fråsegna.

LES OGSÅ: Hordaland + Sogn og Fjordane = Nynorsk

Intensjonsavtalen om samanslåing skal opp til politisk handsaming i fylkestinget i Sogn og Fjordane 2. februar og i Hordaland 3. februar.

Les alt om samanslåingsdebatten på Vestlandet her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

ANNONSE