No kan homofile par gifta seg i kyrkja

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

83 av møtedeltakarane stemte for nytt ritual, mens 29 stemte mot då saka vart behandla under Kyrkjemøtet i Trondheim måndag.

Kyrkjemøtet vedtok i april i fjor med stort fleirtal at også likekjønna skal få gifte seg i Den norske kyrkja. Forslag til ny liturgi har vore behandla av Bispemøtet og Kyrkjerådet og vore sendt på høyring.

BAKGRUNN: I fjor sa kyrkja ja til å vigsla homofile

Rom for usemje
Det nye ritualet gjeld frå 1. februar, men dagens vigselritual kan framleis brukast av dei som ønsker det. Prestar som ikkje ønsker å vie homofile, kan seie nei, men det skal ikkje hindre eit par i å gifte seg i den kyrkja dei ønsker.

Det er framleis usemje i kyrkja om likekjønna ekteskap, noko som også kjem fram av vedtaket. Mange møtedeltakarar som meiner at ekteskapet er reservert mann og kvinne, kunne dermed stemme for.

Leiaren i Kyrkjerådet, Kristin Gunleiksrud Raaum, har understreka at det er rom i kyrkja for dei som er ueinige.

LES OGSÅ: – Etter mi meining skal alle vera velkommen, uansett kjønn og seksualitet, skriv Rikke Næss (19)

Prestar seier opp
Sokneprest Helge Standal i Sykkylven seier opp stillinga som følgje av Kyrkjemøtets vedtak om likekjønna ekteskap.

Standal bekreftar dette overfor Sunnmørsposten. Han har varsla biskopen, soknerådet og staben om at han ikkje kan fortsette som prest med den nye vigselsliturgien, skriv avisa.

Også presten Øivind Benestad, ein av frontfigurane for motstandarane mot homoekteskap, melde seg ut av Den norske kyrkja i protest måndag, skriv Vårt Land.

Her kan du lesa den nye liturgien, så langt berre på bomål (pdf)

LES OGSÅ: Over 40.000 melde seg ut av kyrkja i fjor