«Skam»-skodespelaren speler i ny kortfilm basert på ein rapport frå Framtiden i våre hender.

– Me håper filmen vil ha ein tankevekkjande effekt hjå dei unge. Klima utviklar seg i ein veldig feil retning og det er ei enorm tregheit blant politikarane som må ta avgjerder for å snu dette, seier produsent i Snöball Film Jonny Westernes til NRK.no, som først omtala saka.

Kortfilmen «Fuck fossils – en framtid du ikke vil ha» er basert på Framtiden i våre hender-rapporten «En framtid du ikke vil ha» (pdf), skriven av Thomas Cottis.  

Thomas Hayes, som speler William i NRK-serien «Skam», har ei av rollene i filmen. Både karakteren og skodespelaren har vorte svært populære og får delar av æra for at William var det mest populære gutenamnet i 2016.

LES OGSÅ: Dette meiner «Skam»-skaparane at me kan lære av William   

Klimaforsk-støtte
Handlinga i «Fuck fossils – en framtid du ikke vil ha» er sett til år 2050, og tek føre seg korleis kvardagen til ein vanleg familie i Noreg vil arta seg i lys av klimaendringane. Målet er å opplyse unge om konsekvensane om temperaturen i verda stig med to grader og kva tiltak som må til.

Filmen er no i klippefasen og skal vere ferdig i mars i år. Då vert han ope tilgjengeleg på nettstaden kunnskapsfilm.no.

Prosjektet, som har fått 500 000 kroner i støtte frå Forskningsrådet sitt program Klimaforsk, er eit samarbeid mellom Cottis sjølv og produksjonsselskapet Snöball, som har spesialisert seg på kunnskapsfilmar.

LES OGSÅ: – Eg har liksom peaka i popularitet, seier «Skam»-kollega Ulrikke Falch

Cottis er uroa
Thomas Cottis, som er leiar av Naturvernforbundet i Hedmark, kallar foreldregenerasjonen «den fossile generasjonen».

– Foreldregenerasjonen tillatar seg å velje enkle løysningar framfor klimavenlege. Det skremmer meg at barn og ungdom godtar det. Me har altfor lite ungdomsopprør i vår tid, og her er ein god grunn til å verkeleg ta til gatene, seier Cottis til NRK.no.

Snöball har tidlegare laga filmserien «Norge i verden» i samarbeid med CICERO.

Norge i verden: Luftkvalitet from Kunnskapsfilm on Vimeo.

Oppdatert: måndag 5. juni 2017 15.59

Kommentarar

ANNONSE