Gulrota kan få nytt skjønnheitsideal
Etter at NRK Forbrukerinspektørene retta søkjelyset mot kor store mengder gulrøter som ikkje blir menneskemat, blir det no opna for ein ny standard.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Dersom det skal bli ein ny standard må dei viktigaste interessentane som bøndene, grossistane, butikkjedene, styresmaktene, miljøorganisasjonane og forbrukarane snakke saman og bli einige. Den eksisterande standarden i dag er frå 1999.
LES OGSÅ: Folkerop etter stygge poteter
Standard Norge vil redusera matsvinn
– Viss det norske folk meiner Norsk Standard for gulrot bør endrast, set vi meir enn gjerne i gang ein prosess på det. Vi er opptekne av at standardane vi gir ut bidreg til eit berekraftig samfunn og vil veldig gjerne bidra til å redusere matsvinnet. Oppgåva vår er å lage dei standardane marknaden vil ha, seier administrerande direktør Jacob Mehus i Standard Norge.
Organisasjonen har ansvaret for å utarbeide og gi ut standardar på bakgrunn av behova i marknaden. Standardar er i motsetnad til lover og forskrifter, frivillige å følgje, men blir sett på som den «beste praksisen» blant interessentane.
Ikkje fleirgreina eller skadedyr
Ifølgje noverande Norsk Standard skal gulrøter som skal bli selde i butikk, tole transport, handtering og vere av tilfredsstillande tilstand når dei kjem fram til forbrukaren. Ei gulrot skal blant anna vere heil, frisk av utsjånad, ikkje fleirgreina og fri for skadedyr. Målet er best mogleg kvalitet til forbrukaren og effektiv pakking og transport.
I Frankrike har uperfekt frukt vorte ein salsvinnar og her heime har Bunnpris satsa på «snåle» grønsaker og egg.