Dokumentarfilmen «Sammen mot drømmen» med besøksrekord i opningshelga.

NPK-NTB
NPK-NTB

I Noreg fekk «Sammen mot drømmen» 75.970 publikummarar med seg filmen i helga, noko som er besøksrekord for ein kinodokumentar.

Ifølgje Filmweb dankar dokumentaren om dei to tenåringsartistane ut fjorårets dokumentarsuksess «Mannen frå Snåsa» ganske så solid: Margreth Olins film vart sett av 23.374 kinogjengarar i si opningshelg.

Til saman har 79.066 sett «Marcus & Martinus – Sammen om drømmen» inklusive førpremierar, melder Filmweb.

Filmen hadde premiere i Sverige 20. januar, og der tok den også førsteplassen, ifølgje TT. Svenske fans lèt ikkje til å miste entusiasmen, trass i at svenske kritikarar ikkje var like begeistra.

Blant anna gav svenske Dagens Nyheter ein toar med grunngjevinga: «Promotionfilm för norsk pojkpop. En och en halv timmes dunka. Två 14-åriga enäggstvillingar som får sina femton minuter innan de ens fått eitt fjun på hakan».

Men nettstaden Filmeyes skjeggete kritikar meinte derimot filmen var «velgjort og medrivande», og gav fire av fem moglege.

No ventar dansk premiere 26. januar mens finnane får sitt frå 27. januar.

 

Les alt om den norske filmvåren 2017 her!

Oppdatert: torsdag 1. juni 2017 14.43

LES OGSÅ

ANNONSE