1 av 8 unge kvinner har vurdert intimkirurgi

Åsmund H. Eikenes
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

1 av 8 har vurdert intimkirurgi

Det kjem fram i ei spørjeundersøking utført av Norstat for NRK Innafor. I undersøkinga svarte éin prosent at dei sjølv hadde fått utført intimkirurgi. Dette utgjer fem av totalt 507 kvinner.

NRK Innafor har intervjua to kvinner som har fått utført intimkirurgi. Den eine er misnøgd med resultatet og den andre angrar på at ho valgte plastisk kirurgi som løysing.

Er desse historiene representative for kvinner som vel å redusere storleiken på kjønnsleppene sine?

Nyleg gjekk Framtida.no gjennom forskinga på intimkirurgi, og resultatet viser eit meir nyansert bilete av motivasjon for og effekten av slike inngrep.

Kva er problemet?
Forskarane er samde om at kulturelle forventingar til korleis underlivet bør sjå ut, samt fysiske plager, er viktige motivasjonar til kvinner som får redusert storleiken på kjønnsleppene sine.

«Trenden fortel unge kvinner at underliva deira er unormale», seier nokre, og får støtte av norske gynekologar. Gynekolog Mette Løkeland ved Betanien sjukehus i Bergen, understrekar at mange kvinner som er usikre på om dei bør operere underlivet, truleg ikkje har behov for det.

– Først må ein finne ut kva som er problemet. Er det underlivet eller er det synet på underlivet det er noko gale med?, seier ho.

Til NRK seier assisterande dagleg leiar i Sex og samfunn Tor Holte Follestad at intimkirurgi er unødvendig, og eit kunstig skapt behov.

Positiv effekt
Den andre sida av debatten, med kirurgar og eit fåtal opne kvinner i spissen, svarar at «dei fleste kvinnene opplev positiv effekt på sjølvbilete og sexliv etter operasjonen».

Klinikksjef Christian Tiller ved Stavanger Plastikkirurgi fortel at det er fysiske plager som er den viktigaste motivasjonen for kvinnene han opererer.

– Kvinnene vert ikkje lenger flaue for å vise seg for partneren sin, dei kan oppleve betre seksuell helse, lettare hygiene og at dei eventuelle fysiske plagene dei hadde vert borte, seier han.

Samla viser forskingsresultata at kvinner stort sett er nøgde med resultatet av inngrepa, både når det gjeld sjølvbilete og sexliv. Nokre funn tyder også på at legar og pasientar bør diskutere og avklare forventingar til inngrepa, samt at legar og helsepersonell bør gi kunnskap om normalvariasjon til alle kvinner.

Viser fram mangfaldet
For å motverke pornografi som den einaste kjelda til informasjon om korleis eit underliv ser ut, har fleire kunstnarar satt seg mål om å dokumentere mangfaldet i den normale variasjonen blant kvinners underliv.

Tre døme er den britiske kunstnaren Jamie McCartney i The Great Wall of Vagina, danske fotoprosjektet Kussomaten, og den nederlandske kunstnaren Hilde Atalanta, på Instagram som The Vulva Gallery.

 

 

Les gjennomgangen av forskinga: Er intimkirurgi eigentleg så farleg?