Are Kalvø: «Eg er langt unna, men eg har rett»

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nei, eg er i eit anna utland. Mykje meir utland enn USA. Eg liker å reise langt, både mentalt og fyisk, i januar. For å få heimlandet på avstand, sjå ting i perspektiv, opne opp hjerne og hjerte. Og fordi eg kan. Og fordi eg er ei klyse som har spesielt stor glede av å ha ferie når andre jobbar i minusgrader.

Vanligvis når eg sitt slik, lett berusa langt unna heimlandet, gjer eg ingenting. Fordi det er slik ein best kan opne opp og ta til seg alle dei nye perspektiva. Og fordi eg er lat som ei bøtte.

Men alltid når eg er på ei slik reise i januar, bruker eg ein dag til å sette meg ned og gjette kva norske medium og norske samtalar er fulle av akkurat no. Dette gjer eg naturligvis utan å google, utan å sjekke norske nettaviser eller sosiale medium. Eg er trass alt opptatt av eit friskt blikk. Og dessutan er eg på ferie. Og lat, som sagt.

Okei, då sett eg i gang:

Det er jo faktisk ikkje spesielt vanskelig å gjette kva Norge er fullt av akkurat no. Eg er jo ikkje på Pluto, så eg veit at den nye amerikanske presidenten blei innsett i går. Denne hendinga blei sannsynlivis dekt av alle dei norske journalistane som ikkje er opptatte med å dekke rettssaka mot Eirik Jensen.

Og mange synest nok det var greitt å sleppe Jensen no. Jensen-rettssaka har sannsynligvis for lengst begynt å bli ganske kjedelig, og det er framleis eit halvt år igjen.

Mange i Norge har trulig uttalt seg om dei oversette fattige kvite i USA, som om dette er noko vi alltid har vore opptatte av. Mange har nok også snakka om polarisering. Det har utvilsamt vore ein god del relativt middelmådige vitsar på Twitter og Facebook, der hovudinnhaldet er at dei få kjendisane som støttar Trump ikkje er spesielt kjente, at Donald Trump sjølv ikkje er spesielt intelligent og at han dessutan er vulgær og teit på håret og har ei kone som er yngre enn han sjølv.

Norske politikarar har sannsynligvis uttalt seg om den nye presidenten. Statsministeren Erna Solberg har sannsynligvs markert seg som sterk og klar og sagt noko sånt som at vi må gi Trump ein sjanse og dømme han på det han gjer. Jonas Gahr Støre har sikkert sagt noko minst like kompromisslaust. Senterpartiet er sannsynligvis framleis høge etter all merksemda dei fekk i ulvesaka og har sagt eit eller anna om skilnadar på by og land som ikkje har det minste med USA å gjere.

Og dei få norske journalistane som ikkje har vore opptatte med Trump eller Jensen, har etter alt å dømme prøvd å halde liv i striden mellom Oslo og resten av landet. Fordi det er alltid gøy. Kanskje har nokon sagt noko om caffèlatte igjen. Kanskje har debatten modna og folk har begynt å snakke om cortado i staden.

Og så vil eg gjette – og dette trur eg dessverre berre vi må velje oss til – at ordet «Trump-effekt» har blitt brukt nokre gonger dei siste dagane, og at det kjem til å bli brukt oftare i tida framover. Det hadde allereie begynt før eg reiste. Då blei det spådd ein mulig Trump-effekt for alle i bil- og ulvetette distrikskommunar som Oslo-eliten gir blaffen i. Slikt blir det nok berre meir av. «Sjå på Trump,» kjem folk til å seie. «Slik går det når du ikkje tek på alvor grupper som ikkje tilhøyrer eliten.» FrP kjem sjølvsagt til å seie det. Senterpartiet også, altså. Og så kjem alle dei andre som kjenner seg oversette og forbigåtte. Folk som ikkje blir tatt ut på ski-landslaget. Rasistar. Baristaer som har fått nok av at caffèlatten dei lager blir misbrukt i debattar om alt frå bensinprisar til rovdyr. Og så vidare. Det er nok dessverre utrulig mange som vil vere villige til å skryte på seg ein Trump-effekt i eit land der praktisk talt ingen ville stemt på Trump om vi fekk sjansen.

Sånn. Det var det. Hadde eg rett?

Det er det berre du som veit.

Men eg trur nok det.


Først publisert i Aftenposten 21. januar.

Les fleire Kalvøkadar her!