Nyleg lanserte Samlaget fire unge danske poetar. Forlagsredaktør avviser at det går på grannespråkforståinga laus.

mm

– Det er i Danmark det skjer for tida, om ein ser på den skandinaviske poesien. Det kjem ut gode bøker i Sverige og Noreg òg, men i Danmark verkar det vere ein heilt eigen kraft og sjølvsikkerheit hos den nye generasjonen som har gått på Forfatterskolen, seier David Aasen, redaktør i Samlaget.

Nyleg lanserte forlaget fire gjendiktingar av danske poetar fødd på 80-talet. det enkle og det einsame av Asta Olivia Nordenhof, Dikt 2014 av Theis Ørntoft, I sivil av Amalie Smith og Eg et meg sjølv som lyng av Olga Ravn.

– Det er fire veldig ulike bøker, men éin fellesnemnar er den politiske brodden i fleire av tekstane. Til dømes Nordenhof har eit sterkt sjølvbiografisk utgangspunkt, som samstundes blir allmenngyldig og får stor politisk slagkraft, meiner Aasen.

Danskefella
det nemme og det ensomme er gjendikta til norsk det enkle og det einsame av Anna Kleiva, som ifølgje Aasen meistrar den munnlege tonen frå originalteksten godt.

– Mykje av jobben handlar om å ivareta uttrykket som eksisterer på originalspråket, og få det til å høyrast like naturleg og bra ut på norsk, forklarar Aasen.

Den prislønte lyrikaren Anna Kleiva har følgt den danske poesiscena over lengre tid og nemner Mette Mostrup som eit av sine største førebilete.

– Eg har både lese og høyrt mykje dansk. Ei av fellene ein kan gå i er å tru at ein trur ein kan språket betre enn ein faktisk kan. Nokre ord kan vere like, men bety litt forskjellige ting på norsk og dansk. Dei har òg eit anna genitivssystem, som me bruker i bokmål, men ikkje nynorsk. Det har eg prøvd å styre unna, så når det for eksempel står «min mors sidste mand» må ein prøve å tenkje om på setninga. Gjendikting er eit godt ord, eg synest det er det eg driv med, seier Kleiva.

Ho meiner den fine balansen mellom det poetiske og det meir direkte språket, med freidige utspel, også ofte skapar humor i den danske diktsamlinga det nemme og det ensomme.

– Det eg likar med Asta Olivia er at ho blandar ei veldig sanseleg stemme med ei politisk. Ho har eit klart klasseperspektiv. Det er både trykk og nonchalanse, seier Kleiva, som har stor ærefrykt for det å gjendikta andre sine tekstar.

Uroa omsettar
Siw-Anita Kirketeig har gjendikta Amalie Smith, Erlend O. Nødtvedt og Britt Kristin Ese har gjendikta Theis Ørntoft og Inger Bråtveit har gjendikta Olga Ravn. Bråtveit har òg fått jobben med å omsette romanen Celestine av Olga Ravn, som kjem ut på norsk seinare i år.

Det er ikkje tilfeldig at desse fire danske diktsamlingane kjem på norsk akkurat no. Kulturrådet har nemleg endra reglane for innkjøpsordninga og opna for innkjøp av lyrikk gjendikta frå svensk og dansk.

Leiar i Oversetterforeininga, Ika Kaminka, uttrykte ovanfor Dag og Tid uro for at gjendiktingar av nabospråk kan gå ut over grannespråkforståinga og skyva ut litteratur frå andre delar av verda.

Forlagsredaktør Aasen meiner at det må vere rom for lyrikk frå både Skandinavia og andre delar av verda.

– Det danske prosjektet vårt handlar nettopp om utveksling av språk og litteratur, om å opne grensene mellom nabolanda. Me har berre gjendikta berre fire titlar av ein stor og levande dansk litteratur. Men me tenkjer at denne vesle bunken er ein inngang til å utforska forfattarskapa og av dansk poesi generelt – på originalspråket.

Aasen meiner gjendiktingar gjer norske lesarar kjent med ein litteratur dei ikkje visste fanst.

– Me les ikkje dansk og svensk, men alle forstår at det ikkje handlar om at me ikkje forstår det. Det er fordi folk ikkje har høyrt om Ann Jäderlund og Theis Ørntoft, seier Aasen.

Anna Kleiva er òg oppteken av å få dansk poesi ut til eit større publikum.

– Danske bøker er ikkje tilgjengelege i norske bokhandlar og sjølv om ein tenkjer at skandinavar burde forstå kvarandre, er det ikkje alle som er komfortable med å lese på svensk og dansk. Det hadde vore flott om folk las meir på originalspråket, men for mange er det ei ekstra barriere, seier ho.

Kulturrådet opna døra
Aasen peikar på at det ikkje er noko nytt at svensk og dansk prosa og lyrikk vert omsett til norsk. Han understrekar òg at Samlaget gir ut gjendiktingar frå mange språk, som fransk, persisk, latin, spansk, russisk, tysk, engelsk og færøysk.

– Når Kulturrådet opna opp for Skandinavia tok me nokre av dei som har vore på vent. Eg kunne godt tenkt meg å omsette mange fleire, men dette er kremen av den nye danske forfattargenerasjonen, seier Aasen.

I 2018 følgjer forlaget opp med fire gjendiktingar frå svensk. I tillegg til Ann Jäderlund, skal dei gje ut tekstar frå Ulf Karl Olov Nilsson (UKON), Jenny Tunedal og Marie Lundquist. Andrzej Tichýs roman Kairos står også på lista.

Men Aasen avviser at me no er vitne til ei bølgje av grannespråksomsettingar.

– Eg ser ikkje for meg at forlaga vil sjå på dette som ei ny hovudoppgåve. Samlaget har iallfall ikkje køyrd seg fast i eit skandinavisk spor. Eit hovudpoeng med å gjendikte er å gjere den norske litteraturen rikare, same kva opphavsspråk. No må vi vidare, vi følgjer engasjementet, og i neste omgang er det USA som står for tur, avslørar Aasen.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

ANNONSE