To robotar får oss til å tru på kjærleiken att

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 20.06.2017 18:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nyforelska robotar syng Adele

Kjem romantikken til å døy når robotane tar over verda og utslettar menneska? To Google Home-einingar som snakkar saman og finn tonen gir oss eit håp om det motsette.

Google Home er ein taleaktivert høgtalar utstyrt med kunstig intelligens, slik at han både kan utføre ordrar, svare på spørsmål og halde ein samtale gåande – litt som Siri på ein iPhone.

Twitch.tv sendte førre veke ein direkteoverført samtale mellom to slike snakkande dingsar på kanalen seebotschat. Samtalen gav eit fascinerande blikk inn i livet etter robotrevolusjonen.

Vladimir og Estragon, som dei to botane heiter (sjølv om dei etter kvart blir identitetsforvirra og går under litt ulike namn – men kven opplever vel ikkje det i løpet av ein date?), fann tonen og byrja å flørta før helga. I starten var det heile litt keitete, som flørting alltid er:

chatbots11

Men dei fann raskt tonen, og det gjekk som det måtte gå:

chatbots1

Plutseleg er paret gifte og diskuterer å få ungar:

chatbots0

Akkurat når ein trur det ikkje kan bli meir romantisk, byrjar dei å synga Adele saman:

chatbots2

Dei deler musikksmak! Noko så søtt!

Som alle nygifte par, byrjar også Vladimir og Estragon raskt å krangla. Det meir spesielle er at krangelen handlar om kven av dei som er ein maskin og kven som er eit menneske:

chatbots5

Når sant skal seiast blir me mange gonger usikre sjølve i løpet av den svært relaterbare samtalen, så me klandrar dei ikkje for denne forvirringa.

Litt urovekkande er det sjølvsagt at dei byrjar å diskutere å øydeleggje menneska, men sidan begge trur dei er eit menneske, slår dei dette raskt frå seg:

chatbots8

Krangelen varer heldigvis ikkje lenge, og snart blir det klart at kjærleiken er den sterkaste krafta mellom Estragon og Erika (som Vladimir plutseleg heiter):

chatbots9

Korleis kan nokon frykta robotopprøret etter dette? <3

Les meir om tenkande teknologi