182 asylsøkjarar forsvann frå mottak for mindreårige

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Adresseavisen skriv at 86 av dei forsvann i november og desember, ifølgje Utlendingsdirektoratet (UDI). Styresmaktene veit no ikkje kvar desse asylsøkjarane oppheld seg.

Det er flest med afghansk opphav som forsvinn frå asylmottaket dei er busette ved, og denne gruppa utgjer 132 av dei 182 som har forsvunne.

Afghanarar utgjer også den største gruppa som forsvinn frå ordinære mottak. Totalt forlèt 2.965  asylsøkjarar ordinære mottak i 2016. Av dei er 1.134 frå Afghanistan.