Etter to år med undersøkingar har chilenske myndigheiter konkludert med at det var ein UFO som vart observert av eit militærhelikopter i 2014. Nå har dei publisert videoar av den mystiske gjenstanden.

Ekspertar frå det militære, akademikarar og anna fagpersonell har prøvd å oppklara UFO-mysteriet utan hell. Det var to erfarne marineoffiserar som fanga UFO-en (uidentifisert flygande objekt) på film ute på eit helikopteroppdrag. Nå er dei ferdige med undersøkingane, og videoen har blitt offentleggjort. Det melder Huffington Post.

Ikkje synleg på radarane
11. november 2014 var eit helikopter frå den chilenske marinen ute på eit rutineoppdrag utanfor kysten av Santiago. I det fine været testa mannskapet ut eit nytt infraraudt kamera frå helikopteret. Medan dei filma terrenget skal dei ha oppdaga ein gjenstand som heldt same fart og høgde som helikopteret. Gjenstanden flaug over havet, til venstre for helikopteret. UFO-en skal ha vore om lag 55-65 kilometer unna, og var synleg også utan bruk av det infraraude kameraet.   

Etter kort tid rapporterte piloten inn det flygande objektet til to radarstasjonar i nærleiken, men UFO-en var ikkje synleg på nokre av radarane. Militærhelikopteret følgde objektet i over ni minutt, men måtte stoppa filminga då dei skulle tilbake til basen. Då skal UFO-en ha forsvunne inn i skyene.

Undersøkingar
Filmen med dei uvanlege opptaka vart levert inn til myndigheitene, som sette i gang ei grundig etterforsking. Ifølgje Huffington Post klarte ikkje fagfolk å koma til einigheit om det flygande objektet. Teoriar om at det kunne vera eit fly, ein vêrballong, ei drone, ein fugl, ein fallskjerm eller avfall frå verdsrommet vart utelukka.

Mannskapet vart intervjua, og har forklart at UFO-en var flat og avlang, med to punkt ved sida av kvarandre som gav frå seg varme. Videoen viser at ved to høve vert det som kan sjå ut som gass eller væske sleppe ut frå UFO-en medan han flyg horisontalt bortover.

Det skal ikkje ha blitt funne bevis på at videoopptaka har blitt endra eller manipulert, skriv den amerikanske avisa.

Sjå video her:

For nokre år sidan filma ein frilansfotograf ein UFO over Voss

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14
ANNONSE