Karpe Diem, Aurora og Stein Torleif Bjella blant dei hyppigast nominerte.
NPK-NTB-Gitte Johannessen / Runar B. Mæland
NPK-NTB-Gitte Johannessen / Runar B. Mæland

Karpe Diem toppar lista med heile fire nominasjonar til Spellemann 2016. Stein Torleif Bjella, Aurora, Jenny Hval og rapparen Cezinando, som i fjor blei kåra til Årets urørt, seglar opp med tre nominasjonar.

I den gjeve klassa for årets album skal Aurora, Jenny Hval, Karpe Diem, Stein Torleif Bjella og nyleg dokumentarfilmaktuelle Årabrot kjempe om heideren.

Kygo er elles nominert i klassa for popsolist. Nils Bech – med ferske «Skam»-lovord for framføringa si av «O helga natt» – er denne gongen nominert for sitt eige album i elektronikaklassa.

Også Hanne Kolstø er nominert i klassen for Årets popsolist for sitt album Fest blikket – det første ho har gitt ut på dialekt.


– Eg har ei byste av Ivar Aasen på stova, avslørte Hanne Kolstø då me intervjua henne i haust. Foto: Andrea Rygg Nøttveit

Også i viseklassa blir det hard kamp om harpa, der alt frå teateraktuelle Stein Torleif Bjella til Moddi med sine forbodne songar og Frida Ånnevik er påmeldt.

LES OGSÅ: Det Norske Teatret + Stein Torleif Bjella = Sant!

Les også om Moddis siste album «Ungsongs»: Sensur på livet laus

Heile vegen frå Finnmark har hardcorebandet Ondt Blod rocka seg til nominasjon som Årets nykomar. Dei bur i Tromsø, der også det bluesklassenominerte bandet Pristine held til.

Vinnaren av Årets Spellemann og Årets heiderspris blir plukka ut av Spellemannjuryen.

Her er heile lista over dei nominerte til Spellemann for 2016, som blir delt ut laurdag 28. januar:

Barnemusikk

* «Gråtass» – songane frå filmane

* «Løkki» – Løkki

* «Superbarna» – Hipp Hurra

Blues

* «Reckoning» – Billy T Band

* «MK’s Marvellous Medicine» – MK’s Marvellous Medicine

* «Reboot» – Pristine

 

Country

* «Let The Ribbons Fly» – Claudia Scott

* «Vinyl and A Heartache» – Darling West

* «Come Tomorrow – Songs of Townes Van Zandt» – Paal Flaata

* «Hearing Colours Seeing Noises» – Signe Marie Rustad

 

Danseband

* «Ein hau med hitts» – Ausekarane

* «Blindvei» – Picazzo

* «En runde til» – Torgeir & Kjendisene

 

Elektronika

* «Departed Glories» – Biosphere

* «Echo» – Nils Bech

* «Vibe Telemetry» – Telephones

* «I Know This Place – The Eivind Aarset Collages» – Tortusa

 

Folkemusikk/Tradisjonsmusikk

* «Kristine Valdresdatter» – Anders Røine

* «Fabel» – Eli Storbekken & Sigurd Hole

* «Salmeklang» – Gjermund Larsen Trio

* «Hardingfele» – Lars-Ingar Meyer Fjeld

 

Indie

* «Hold On Dreamer» – Frøkedal

* «Puzzler» – Hilma Nikolaisen

* «Blood Bitch» – Jenny Hval

* «The Switch Album « – The Switch

* «D’Meg» – Vilde Tuv

 

Jazz

* «Norwegian Caravan» – Come Shine og KORK

* «Wolf Valley» – Eyolf Dale

* «Rubicon» – Mats Eilertsen

* «Ulv ulv» – Moskus

* «Buoyancy» – Nils Petter Molvær

 

Klassisk

* «The Lark» – Christian Ihlen

* «David Monrad Johansen: Chamber Music» – Ingfrid og Åshild Breie Nyhus

* «Reflections» – Trondheimsolistene

* «Britten & Korngold: Violin Concertos» – Vilde Frang

 

Metal

* «Abbath» – Abbath

* «Nag» – Nag

* «Raspberry Dawn» – Okkultokrati

* «Bogefod» – Sarke

 

Popgruppe

* «Camp Echo» – Highasakite

* Lemaitre 2016 – Lemaitre

* «Henda i været» – No. 4

 

Popsolist

* «All My Demons Greeting Me As A Friend» – Aurora

* «Fortid» – Bendik

* «Gundelach» – Gundelach

* «Fest blikket» – Hanne Kolstø

* «Cloud Nine» – Kygo

 

Rock

* «Pineapple Pizza» – Death By Unga Bunga

* «Vannmann86» – Hjerteslag

* «Nattesferd» – Kvelertak

* «Ført bak lyset» – Tusmørke

* «The Gospel» – Årabrot

 

Samtid

* «Neon» – Ensemble Neon

* «Ophelias: Death By Water Singing» – Henrik Hellstenius

* «Crepuscular Hour» – Maja S.K. Ratkje

* «On Anodyne» – Trondheim Voices, Jon Balke, Batagraf

 

Urban

* «Barn av Europa – Cezinando

* «Heisann Montebello» – Karpe Diem

* «Everything» – Lido

 

Viser

* «Her bor» – Frida Ånnevik

* «Ventetid» – Hekla Stålstrenga

* «Marte Wulff» – Marte Wulff

* «Unsongs» – Moddi

* «Gode liv» – Stein Torleif Bjella

 

Open klasse

* «Det andre rommet» – Erlend Apneseth Trio

* «Amputation» – Stian Westerhus

* Triangle» – Susanna

* «Rumi Songs» – Trygve Seim

 

Tonos Komponistpris

* «Salmeklang» – Gjermund Larsen Trio

* «Crepuscular Hour» – Maja S.K. Ratkje

* «Khipukamayuq» – Lene Grenager (Artist: Marianne B. Lie & Trondheim Sinfonietta)

* «Henda i været» – Emilie Christensen, Ineborg Marie Mohn (Artist: No. 4)

* «The Hermaphrodite» – Olav Anton Thommesen (Artist: Oslo Sinfonietta)

 

Tekstforfattar

* «Barn av Europa» – Cezinando

* «Blood Bitch» – Jenny Hval

* «Ikke tenk på det» – Kaja Gunnufsen

* «Heisann Montebello» – Chirag Rashmikant Patel, Magdi Omar Ytreeide Abdelmaguid

* «Gode Liv» – Stein Torleif Bjella

 

Årets Nykomar & Gramostipend

* «Arias by Bach. Händel og Mozart» – Aksel Rykkvin

* Astrid S 2016 – Astrid S

* Cezinando – Cezinando

* Dagny 2016 – Dagny

* «Hakuna Matoma» – Matoma

* «Finnmark» – Vondt Blod

 

Årets album

* «All My Demons Greeting Me As A Friend» – Aurora

* «Blood Bitch» – Jenny Hval

* «Heisann Montebello» – Karpe Diem

* «Gode liv» – Stein Torleif Bjella

* «The Gospel» – Årabrot

 

Årets musikkvideo

* «I Went Too Far» for Aurora – Arni & Kinski

* «Golden Ticket» for Highasakite – Øystein Moe, Alexander Somma, Line Klungseth Johansen

* «Prungen» for Jaga Jazzist – Christian Mona og Leif Henning Broch Johnsen

* «Den islamske elefanten» for Karpe Diem – Thea Hvistendahl

* «Min aller beste venn» for Klovner i Kamp – Marie Kristiansen

 

Årets produsent

* Bård Ingebrigtsen (Kreg Visselman, Bjella, Valkyrien)

* Cashmere Cat (egne låtar og for Kanye West)

* Jesper Borgen (Alan Walker, Marcus & Martinus)

* Joakim Haukaas / Kid Joki (Britney Spears, CLMD, Astrid S, Julie Bergan)

* Morten Lindberg (Cikada, Trondheimsolistene med fleire)

 

Årets låt

* «Faded» – Alan Walker

* «Hurts So Good» – Astrid S

* «Backbeat» – Dagny

* «Jovial» – Freddy Kalas

* «Arigato» – Julie Bergan

* «Kan du lære mæ?» – Kristian Kristensen

* «Stay» – Kygo feat. Maty Noyes

* «Girls» – Marcus & Martinus feat Madcon

* «False Alarm» – Matoma & Becky Hill

* «Our Youth» – Sonny Alven feat. Emmi

Oppdatert: fredag 22. september 2017 13.38

Kommentarar

ANNONSE