Tre av fire vil forby nikab i skulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Heile 75 prosent av dei spurde vil forby det ansiktsdekkjande hovudplagget nikab i skule og høgare utdanning, viser ei undersøking. Problematisk, meiner religionshistorikar.

14 prosent seier det burde vere tillatt, og 11 prosent seier dei ikkje har noka meining, viser undersøkinga som er gjennomført at Ipsos for Dagbladet.

– Det er ei tydeleg bølgje over heile Europa, der nikab og synlege muslimske plagg ikkje er ønskt. Det er berre å sjå på retorikken til Listhaug, om at i Noreg «et vi svin, drikk alkohol og viser ansiktet vårt». Derfor overraskar ikkje tala. Det er slik vinden blæs no, seier Njål Høstmælingen, menneskerettsekspert ved International Law and Policy Institute.

Religionshistorikar Kari Vogt ved Universitetet i Oslo seier eit forbod mot nikab er problematisk og truleg ikkje vegen å gå.

– Vi må heller bli meir fleksible og opne for ein debatt for å unngå at hovudplagget blir så polarisert, seier ho til avisa.

Frp ønskjer eit forbod, og i august gjekk eit sjølvoppnemnt integreringsutval for Ap, Venstre, SV, KrF og Senterpartiet ut og sa at dei ønskte eit forbod i skulen. I november sa eit fleirtal i kyrkje-, utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget også ja til nasjonale reglar mot heildekkjande ansiktsplagg på norske skular.

(©NPK)