Sprelske mormonar og ny Nesbø-krim

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ny krimserie frå Anne Holt, nytt møte med Harry Hole, friske mormonar og ein blåøygd Don Juan på teaterscenen, Knerten på nye filmeventyr og Kari Bremnes i thriller er noko av det vi kan vente oss frå teater, film og bokbransjen her heime i 2017.

Det Norske Teatret har sikra seg rettane til ein av dei mest omtalte musikalane dette tiåret: «The Book of Mormon». Musikalen har gått sin sigersgang både på Broadway i New York og West End i London. Når Oslo står for tur i september, er det med Frank Kjosås og den litt mindre kjente Kristoffer Olsen som dei to unge misjonærane som er på sitt første utanlandsopphald.

– Dette er ein musikal som har sprengt alle grenser for kva ein kan tulle med – og komme unna med, skriv Det Norske Teatret på nettsida si.

Les også intervjuet med Book of Mormon-omsetjar Are Kalvø: Det ufrivillige nynorskikonet

Nysgjerrig teatersjef
Riksteatrets sjef Tom Remlov vel seg tre andre framsyningar når vi ber han trekke fram kva han gler seg mest til ved andre teater enn sitt eige i 2017:

– «Don Juan» på Nationaltheatret. Molieres komedie er ein notorisk vanskeleg tekst, men eit hovudverk både i dramatikken og litteraturen. Og når det er Anders Baasmo Christiansen som spelar tittelrolla, blir eg spesielt nysgjerrig: Han har nettopp den typen nærmast brutal ærlegdom som Don Juan skal ha, ja, må ha, men som eg faktisk aldri har sett. Kanskje skal eg denne gongen verkeleg forstå dette utfordrande stykket? spør teatersjefen.

Han vel seg dessutan Tyra Tønnesens «Overføring» på Det Norske Teatret og «Indianeren» på Rogaland Teater, sistnemnde er eit nytt stykke der Tore Renberg både har manus og regi.

– Det høyrest ut som eit skodespel om vår norske notid som også andre teater kan komme til å interessere seg for, meiner Remlov, som også gler seg stort til for første gong å sende folkekjære Hege Schøyen ut på Riksteater-turné. Ho reiser i slutten av januar ut i landet med den elleville britiske farsen «Kollaps i kulissane».

Det Norske Teatret tar også Stein Torleif Bjella-songar til teaterscenen. Les alt om vårprogrammet deira her!

Spenning med Bremne
– En vårsesong med spennande, kunstnerisk ambisiøse filmar, i tillegg til dokumentarfilmar for barn og unge, og ein haust med store publikumsvinnarar. Det meiner kommunikasjonsrådgjevar Jakob Berg i Norsk filminstitutt vi kan vente oss av filmåret 2017.

Eventyrfilmen «Askeladden», Harald Zwarts krigsfilm «Den 12. mann» og ein ny film om Knerten – «Knerten Polfarer», er alle produsert innanfor den såkalla marknadsordninga, det vil seie filmar som ein ventar har stort publikumspotensial. Alle tre har premiere til hausten.

20. januar er det premiere på spenningsfilmen «Kings Bay» om gruveulykka på Svalbard i 1962, der 21 gruvearbeidarar mista livet – og som førte til at Einar Gerhardsen måtte gå av som statsminister. Hovudrolla som journalisten Harrieth Hansen blir spelt av Kari Bremnes. Om at ho no hoppar ut i det og spelar hovudrolla i ein storfilm sa artisten til NRK før filmingen starta:

– Eg har lyst til å vere med fordi det er ei spennande og bra historie. Det er ei utfordring som eg absolutt ikkje såg komme, og ei utfordring som eg ikkje har hatt før. Her kastar eg meg ut på djupt vatn.

Ein annan norsk film som snart har premiere, er «Hjertestart» med Kristoffer Joner i hovudrolla. Regien er ved Arild Andresen, og premieren 24. februar. Ein månad seinare er det klart for premiere på barnefilmen «Karsten og Petra på tur».

LES OGSÅ: 2016 var det beste kinoåret for norsk film på 40 år!

Hjertestart – Teaser from Motlys on Vimeo.

Ny privatdetektiv
Vårlistene til forlaga er stort sett klare, mens dei er meir  tilbakehaldne om kva vi kan vente oss av bokhausten. Men Vigmostad & Bjørke kan glede alle Anne Holts fan med at forfattaren kjem med ny krimserie til hausten med privatdetektiv Selma Falch i hovudrolla.

Nytt kjem det også frå vår mest selde forfattar, Jo Nesbø. Aschehoug melder at den ellevte boka om Harry Hole, «Tørst», kjem 21. mars. Oktober melder Tove Nilsen kjem med ny roman til sommaren. I boka – som førebels ikkje har tittel – er ho tilbake på Kreta som ho har besøkt så mange gonger at det er som ein heim for henne, ifølgje forlaget.

Vi kan i år også sjå fram til nye bøker av norske forfattarar som Jørn Lier Horst, Frode Granhus, Kjartan Fløgstad, Britt Karin Larsen, Levi Henriksen, Herbjørg Wassmo, Cecilie Enger, Arne Svingen og Lars Lenth – for berre å nemne nokre.

LES OGSÅ: Agnes Ravatn-romanen «Fugletribunalet» blir film (men det blir nok ikkje premiere i 2017)