Naturskadar for 800 millionar kroner i 2016

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Naturskadar for 800 millionar i 2016

Styrtregnet i hovudstadsområdet 6. august i fjor kosta 500 millionar kroner, ifølgje forsikringsselskapet. I heile 2016 registrerte dei naturskadar for til saman 800 millionar kroner.

– Skybrotet i Oslo-området er ein type uvêr som vi ikkje opplever ofte i Noreg. Her er det som oftast storm langs kysten og elveflaum i innlandet som skaper store øydeleggingar, seier konsernsjef Helge Leiro Baastad i Gjensidige. Han meiner 2016 viser behovet for å auke beredskapen mot vass-skadar som følgje av flaum og kraftig nedbør.

Les kommentaren til klimaforskar Borgar Aamaas: Ekstremt normalt ekstremvêr

Etter uvêret Urd i romjula vart det registrert 600 skademeldingar, og erstatningane for dette kjem truleg til å passere 100 millionar. Det nest mest kostbare uvêret i landet i fjor vart stormen Tor, som kosta i overkant av 200 millionar kroner.

2016 er eitt av dei ti verste uvêrsåra sidan 1980, ifølgje Gjensidiges statistikk.

Les også: – Vestlendingar og vêr høyrer saman, meiner TV2 sitt nye vêranker Kristina (27)