– Mindre smørbrødliste enn vanleg
– Statsministeren sin nyttårstale er ein vanskeleg sjanger, men Erna Solberg løyste det fint, seier Jens Kjeldsen, retorikkprofessor ved Universitetet i Bergen.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Erna løyste det fint
Ifølgje Kjeldsen blir nyttårstalen tradisjonelt sett ei smørbrødliste, med mange oppstykka små deler. Ein ønskjer å nemna mykje, men har avgrensa plass. Retorikkprofessoren trekk fram kor bra det er at Solberg i stor grad klarer å konsentrera seg om eitt overordna tema.
– Nesten 2/3 av talen handlar om integrering, fortel Kjeldsen.
For det var enkeltmennesket og integrering talen skulle handla om. Solberg trekte blant anna fram Aisha Ali Mohammed. Ho er trebarnsmor, og den første kvinnelege bussjåføren i Oslo som kjem frå Somalia. Ho bruker hijab på jobben, og har blant anna fått kritikk for å at ho går med bukser og gjer arbeid som er meint for menn.
Å vera personleg
Ei av fellene ein kan gå i er at talen vert for generell og abstrakt.
– Til tider kjem Solberg med generelle utsagn. Det er mykje betre når ho klarer å bruke konkrete menneske og situasjonar. Kanskje ting ho har opplevd, eller fortel om nokon ho har besøkt, seier Kjeldsen.
Statsministeren sin tale er ein mellomting mellom høgrepolitikaren Erna Solberg som skal leggja fram politikk sin, og statsleiaren som skal samla folket sitt om feller verdiar.
Forfattaren og historikaren Jørgen Norheim er ein av dei som har kritisert Solberg for å vera for lite politisk i nyttårstalane til folket. Han meiner at fokuset er lagt meir på framføring og patos, enn sak og innhald.
– Ver deg sjølv og snakk politikk, rår han statsministeren.
Kunsten å framføra
Jens Kjeldsen har sett nærare på framføringa til Erna Solberg. Han konkluderer med at her er det mykje bra.
– Eg tykkjer ho framfører talen godt. Det er litt tungt i starten, men det kjem seg etterkvart. Kroppsspråket er roleg og beherska, samstundes som ho klarer å visa engasjement.
Tidlegare var ein van med at nyttårstalen vart framført med statsministeren bak ein skrivepult. Solberg har lagt den tradisjonen bak seg, og vel å stå medan ho talar.
– Legg merke til at kamervinkelen endrar seg. Det er ei sakte zooming inn, som hindrar stillstand. I tillegg har Solberg heile tida blikkontakt, og ser rett i skjermen. Desse grepa gjer at det er lettare for sjåaren å følgje med, fortel Kjeldsen.
Les også Are Kalvø sine spådomar for det nye året: 2017 oppsummert