«Vision of the Fjords» får søsterbåt

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kjem ny «Vision of the Fjords»

 Den prislønte «Vision of the Fjords» hadde denne sommaren sin første sesong som turistbåt på Nærøyfjorden i Sogn. Det har vore så vellykka at selskapet The Fjords no vil ha ein båt til frå hurtigbåtverftet Brødrene Aa i Hyen i Gloppen.

 Den nye karbonbåten skal vere ferdig i mars 2018, slik at han kan setjast i drift i Nærøyfjorden sommaren 2018, skriv Skipsrevyen.

Nybygget får truleg litt lenger skrog enn forgjengaren, noko som skal gi mindre bølgjer og betra batterikapasitet på hybridbåten, som vekselvis går på diesel og straum. Det landbaserte ladesystemet skal òg forbetrast, slik at ladetida blir kortare, ifølgje avisa.

Brødrene Aa er i desse dagar i ferd med å gjere klar den siste av to nye hurtigbåtar verftet no har bygd for eit trafikkselskap i Hongkong.

Verftet i Hyen skal elles levere tre nye passasjerbåtar til trafikkselskapet Boreal denne våren.