Camilla Korsnes, Bladet Tysnes
Camilla Korsnes, Bladet Tysnes

Saka var først publisert i Bladet Tysnes. 

Sophie Elise Isachsen har blitt eit så kjent namn i Norge at etternamnet ofte vert overflødig. At ho er booka til Tysnesfest vart avslørt i ein video på vesle julaftan, posta av Youtube-fenomenet Tommy Hansen. Her vart det også gjort kjent at Hansen skal vera TF-programleiar til neste år, saman med Anne Marie Kleppe.

Med ein god dose sjølvironi, spøkte Hansen med at han og Sophie Elise har mykje til felles.

– Ho har operert fleire kroppsdelar, eg har sydd eit sår på kneet. Ho har vore på Tv, eg har sett på tv, var blant mange likskapar som vart trekte fram av Hansen, som til dagleg er administrerande direktør i Hansen Blogg & Betong.

Sophie Elise er fyrst og fremst kjent som ein bloggar med sterke meiningar, men ho har også markert seg på ei rekkje andre område. Mellom anna har ho vore deltakar i fleire TV-seriar, gitt ut musikk, gjort ei rekkje DJ-jobbar og pryda framsida av FHM. I oktober gav ho ut den populære sjølvbiografien «Forbilde».

Bloggjenta som i fjor vart kåra til den mektigaste kvinna i norsk medieverd, kjem ikkje åleine til Tysnesfest, men tar med seg både Joakim Kleven og Vegard Harm.

Joakim Kleven er for dei fleste kjent som videobloggar, medan Vegard Harm er eit internett- og sosiale medier-fenomen som fyrst slo igjennom på videodelingstenesta Vine i 2013.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE