Sogn og Fjordane og Hordaland møtest på nyåret til nye forhandlingsmøte om ein ny vestlandsregion.

NPK-NTB
NPK-NTB

Utgangspunktet for Vestlandsregionen var intensjonsplanen for samanslåing av Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland. Fylkestinget i Rogaland vedtok å halde fram som eigen region inntil vidare, medan dei to andre vil gå vidare med regionplanane.

Fylkestinga i både Sogn og Fjordane og Hordaland skal derfor forhandle vidare 16. og 17. januar 2017. Då møtest forhandlingsutvala i Bergen, går det fram av ei pressemelding. Forhandlingsutvala er dei same som dei som forhandla fram intensjonsplanen, som vart underteikna i september i år.

LES OGSÅ: Rogaland sa nei til Vestlandsregionen

Fylkestinget i Sogn og Fjordane opnar også for å invitere Møre og Romsdal med i dei nye forhandlingane.

Fylkestinget i Hordaland er positive til at kommunar i Nord-Rogaland også kan bli del av ein stor Vestlandsregion, dersom dei ønskjer dette.

Fylkesordførarane Jenny Følling og Anne Gine Hestetun i høvesvis Sogn og Fjordane og Hordaland, har sendt brev til Stortinget og bede om å få bruke januar 2017 for å avslutte prosessen med eventuelle strukturendringar for fylkeskommunane.

Intensjonsavtalen. Debatten. Forviklingane. Vedtaka. Her får du med deg alt som har skjedd i haustens vestlandsdrama!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

Kommentarar

ANNONSE