Espen og Ingebjørg skulle gifta seg om dei ikkje fann nokon andre. I staden fann dei seg sjølve – og kom ut av skapet.

Anders Totland / Sunnhordland
Anders Totland / Sunnhordland
Faktaboks

Det er mange ord og uttrykk som er meint å skildra alle som ikkje fell innunder kategorien av menneske som forelskar seg i personar av motsett kjønn. Nokre av dei vanlegaste er homofil, lesbisk og bifil.

Ofte blir alle desse omtalte som skeive, og det finst mellom anna ein interesseorganisasjon som heiter Skeiv Ungdom.

Skeiv Ungdom står mellom anna bak hjelpetelefonen Ungdomstelefonen, der ein kan få svar på alt ein lurer på om kjønn, sex og identitet. Telefonnummeret til Ungdoms-telefonen er: 40000777.

Det finst ingen sikre tal på kor mange personar i Norge som definerer seg sjølv som skeive.

Det som derimot finst, er statistikk for kor mange likekjønna par som har gifta seg sidan den nye ekteskapslova opna opp for dette i 2009. I åra som har gått, til og med 2015, er det inngått 706 ekteskap mellom to menn. I same periode er det inngått 1.190 ekteskap mellom to kvinner. 

Kjelder: Ung.no og SSB

LES FAKTALUKK FAKTA

Teksten er henta med velvilje frå Sunnhordland.

Det er laurdag føremiddag i Bergen, og den første snøen har lagt seg på Fløyen. Inn dørene til den ærverdige Kjøttbasaren kjem Espen Ingebrigtsen og Ingebjørg Nyhammer med frakk og paraply.  

Slaktaren har lagt inn årene. No er det Starbucks som fyller lokala med amerikansk mainstream-kaffi, der det tidlegare var metervis med ost og pølser, kjøt og andre ferskvarer.

Espen bestiller ein dobbel latte, Ingebjørg ein svart kaffi. Så skjer det som ofte skjer når dei to barndomsvennene frå Stord går ut saman. Ingebjørg finn seg ein stol, og set seg ned med kaffikoppen, og vipps er Espen vekke. Gjennom køen kan me sjå at det heng ei kvinne rundt halsen på han. Dei preikar og smiler, som gamle kjende. Kanskje er det også det dei er.

– Dette er eg vant til, ler Ingebjørg, eller Ingis, som ho helst kallar seg.

– Han pleier å forsvinna?

– Ja, det blir ofte sånn. Han skal kanskje ein tur i baren, og så kjem han tilbake ein time seinare.

LES OGSÅ: «Folk kan ikkje definerast utifrå kven dei forelskar seg i»

Det var Espen som foreslo at me skulle møta dei saman. Sjølv var han litt usikker, då han fekk spørsmålet om å stilla til intervju. Ikkje for sin eigen del, men familien. Måtte først høyra med nevøane om det var greitt. «Om det kan hjelpa nokon andre, er det berre topp!» var svaret, og dermed var Espen klar.

– Men kan eg ikkje få høyra med ei venninne som har vore i same situasjonen, om ikkje ho også vil bli med? sa Espen då han ringde nokre veker før me møtest i Bergen.

Han fortalde at dei hadde vakse opp saman, og endåtil vore kjærastar i ungdomstida.

– Me hadde til og med planar om å gifta oss, ler Espen.

Det var ei slags pakt. Dersom ingen av dei hadde funne nokon andre før dei fylde 20 år, skulle det bli dei to. Då dei nærma seg 20, utsette dei prosjektet til 25, og det same gjentok seg fem år seinare.

For det kunne ikkje bli dei to.

– Me var jo som andre fjortisar. Prøvde oss fram, og klinte i garasjen. Men me fann fort ut at dette ikkje var noko for oss, seier Ingis, tilbake ved det runde cafebordet i Kjøttbasaren.

Der dei andre ungdommane fekk meirsmak, var det meir avsmak for Ingis og Espen.

– Hehe. Du kan vel seia det sånn. Me fann fort ut at me ikkje kunne vera kjærastar. Me måtte vera vener, seier Ingebjørg «Ingis» Nyhammer.

Ho trur det var noko med tida, som gjorde at vegen til å finna seg sjølv blei lenger enn han kunne vore i dag.

– Me var jo på Stord. Det var ingen som var opne homofile eller lesbiske der då. Så eg tenkte ikkje sånn, og det var heller ingen som sa at det gjekk an å lika damer, og at det var heilt greitt. Det var ingen som sa det til meg. Det var først då eg flytta vekk og blei forelska, at eg forstod det, seier Ingis.

LES OGSÅ: «Skam» får fleire unge til å ta kontakt med Ungdomstelefonen

Men ho kom aldri ut av noko skap. Så snart det gjekk opp for henne at ho var forelska i ei anna kvinne, tok ho heile prosessen med å finna ut av ting i full openheit.

– I etterkant forstår eg at det kanskje ikkje var det luraste eg kunne gjera. Men eg gjorde no det. Det blei som ei brikke som fall på plass. Endeleg forstod eg kva dei andre snakka om, kva det ville seia å vera forelska. Endeleg var ting rett, seier Ingis.

Likevel møtte ho motstand. I tillegg til all støtta dei fekk frå familie og venner, opplevde både Espen og Ingis å få ufine kommentarar, særleg i den første tida på Stord. Så blei dei heller ikkje buande på øya. No bur begge i Bergen sentrum, og kunne ikkje tenkt seg å flytta tilbake.

– Men det handlar ikkje om legning. På ingen måte, understrekar Espen.

– Kva handlar det om då?

– Det handlar om byen. Eg er så glad i det urbane, og alt det bylivet har å by på, seier Espen.

Han legg likevel ikkje skjul på at det i starten også var naudsynt å komma seg vekk for å finna seg sjølv.

– Ein blir jo nysgjerrig, og me måtte komma oss vekk frå øya for å utforska den biten. Det å sjå gutar med gutekjærastar og jenter med jentekjærastar, og den aksepten dei fekk, det var veldig fascinerande. Og det var veldig betryggande å sjå at faktisk gjekk an, seier Espen.

Historia er henta frå reportasjeserien #utavskapet i Mitt Sunnhordland.

 

LES OGSÅ: Bill. mrk.: Isak søker Even

Få også med deg Kristin Fridtuns skeive boktips!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.14

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE